Molde: – Vi må vere førebudde om noko så ille skulle hende. Det kan like godt skje her, som i andre delar av verda, seier driftssjef i Avinor AS Molde lufthavn, Rune Stagnes.

Saman med naudetatane, Sivilforsvaret, og Heimevernet, arrangerte Avinor øvinga.

– Vi har masa og purra i fleire år for å få til noko slikt. Etatane har vore interesserte, men det har vore vanskeleg å få til. Vi er sjølvsagt veldig nøgd med at det no blir gjort, seier Stagnes.

Brannvesenet først på staden

Klokka 11 var øvinga i gang. Ein Securitasvekter blei knivstukken, før gjerningsmannen går laus på andre i nærleiken. Alarmen går på lufthamna, og brannmannskapet er på plass innan eit minutt.

– Dei kan ikkje pågripe gjerningsmannen, men fire brannmenn som går samla kan virke skremmande. Det er mogleg dei får isolert angriparen, fortel Frode Drågen Myhre, observatør frå Brannvesenet.

Innan fem minutt har fleire politibilar kome til utrykking, ein av dei pansra. Politimennene er væpna og går til aksjon. Fleire knivstukne blir borne ut, og det samlar seg ambulansar på parkeringsplassen. Kort tid etterpå er situasjonen under kontroll.

– Dei som er "hardt skadd" køyrer vi til Molde sjukehus. Dei har sett opp ein krisesentral, og det øvast der også, seier Myhre.

Fleire terroristar

Etter det første scenarioet med knivstikking, kjem det eit enda verre. To personar har løyst skot inne på baggasjeterminalen.

– Viss det er nokon med kniv, så kan brannvesen gå inn med helsepersonell hakk i hel. Vi sendar derimot aldri inn nokon når det er skyting, da ventar vi på at politiet får gjere sitt, fortel Håvard Bolme, representant for helsevesenet i øvinga.

Politiet er allereie på staden. Det tar ikkje særleg meir enn eit minutt før gjerningsmennene ligg på bakken, ein av dei «død».

Politiet, brannvesenet, og helsevesenet deltok alle i øvinga, mens Heimevernet og Sivilforsvaret var observatørar.

– Det er ei stor sambandsøving mellom alle etatane. Det er kjempeviktig at vi får prøvd det ut, for samarbeid er ei utfordring i slike situasjonar. Vi må kjenne funksjonane våre godt, seier Bolme.

Stor belastning

– Øvinga gjekk veldig greitt, seier driftssjef Stagnes.

Heile hendinga tok ikkje meir enn ein time, det meste brukt ute på parkeringsplassen.

– Reelt tar det timevis. Det er mykje etterspel, seier Stagnes.

På torsdag var det sjølve beredskapen som blei testa ut. Om det var eit reelt angrep hadde arbeidet med kriseteam begynt kort tid etter.

– Vi veit ikkje korleis folk reagerer. Sjølv hardbarka helsepersonell kan trenge hjelp etter ei slik hending, fortel Stagnes.

Nøgd

Politi, brannvesen, helsevesen, Avinor, Sivilforsvar, og Heimevernet verka alle nøgd med øvinga. Dei vel 100 deltakarane samla seg etter øvinga for å summere opp.

– Det var ei vellykka øving. Det aller meste fungerte, og eg trur det har gått veldig bra. Alle etatane fekk ein jobb, og fekk testa sitt, seier Myhren.

Jan Birger Kavli, distriktssjef for Sivilforsvaret var med som observatør under øvinga.

– Øvinga gjekk veldig bra. I ein slik situasjon så vil Sivilforsvaret berre vere med utanfor den «varme» sona, men det var veldig interessant å få nokre erfaringar, seier han.

Øvingsleiar Jan Tore Vestad, frå politiets fellesoperative eining, meinte øvinga er svært aktuell.

– Vi ser korleis det er elles i Europa. Det er viktig at vi får trene på noko slikt, spesielt samordna med Sivilforsvaret og Forsvaret. Vi må vere førebudde på best mogleg måte, seier Vestad.

Væpna politi storma inn i flyplassbygninga etter å ha høyrt fleire smell. Foto: Bjørn Brunvoll
«Terrortrusselen» var kjapt eliminert av politiet. Mesteparten av tida gjekk med på å ta seg av dei uheldige «offera», slik som det ville vore i eit verkeleg angrep. Foto: Bjørn Brunvoll