Tosifra tal gir eller berre eitt, bukkestyre og fulldemping eller mjukt sete, store ballongdekk og korg med blomster på rattet. Det var ikkje utstyrspress når Gossen Rundt gjekk av stabelen for 43. gong 2. pinsedag.

Med tre pålmeldingsstasjonar og utan tidtaking var det god anledning til å nyte fint ver og flott natur 2. pinsedag. Og med lite bakkar, både opp og ned, og to løyper på henholdsvis 17 og 30 kilometer å velje mellom, var løpet tilpassa både små og store blant dei nærare 250 deltakarane.

Sprek familie

– Dette er første gongen vi deltek med kvar vår sykkel, fortel familien Nikolaisen Skomsø, som vi møter i oppoverbakkane mot Falkhytten.

– Vi kosar oss. Har masse pit-stops og nyt turen, fortel mamma Lisbeth, som syklar på Gossens kulaste sykkel; knall gul med korg på styret, blomsterpynta, med mjukast setet ein kan få og kun tre gir.

– Den trillar temmelig fort når vi kjem i siget, og er veldig behagelig å sykle på, skryt ho.

Ektemann Jan Petter tok fram tre-girs sykkelen, han også, for å sympatisere. Og medan minstemann Marius nettopp har fått ny sykkel frå Molde, har storebror Mathias tre hjul og elektrisk motor med skikkelig trøkk.

– Dette er jo noko ein berre må bli med på. Vi har med rikelig med proviant og skal kose oss, fortel familien, før dei hiv seg på trøene og tek fatt på bakken.

Fornøgd med påmeldinga

I Aukrahallen sit Karianne Husøy og Evy Marita Pettersen frå arrangøren Aukra Sykkelklubb og tek unna påmeldingskøa, som ein av tre påmeldingsstasjonar.

– Det har vore eit jamt sig dei første par timane. Godt over 100 syklistar, også mange frå fastlandet, har meldt seg på og fleire blir det. Men flesteparten startar nok i løpet av dei to første timane, meiner dei og fortel at påmeldinga er open frå klokka 10 til 16.

– Deltakinga i årets Gossen Rundt var om lag som den har vore dei siste åra – nærare 250 syklistar deltok og det er vi veldig godt fornøgde med. Og når ver og vind spelar på lag, så er det kjekt å arrangere sykkelløp. No gler vi oss berre til neste arrangement, som er Barnesykkelløp 24. juni, oppsummerer leiar i Aukra Sykkelklubb, Jørn Husøy.