Tysdag 6. juni startar rettssaka mot 24-åringen frå Rauma i Romsdal tingrett. Han er tiltalt etter Straffeloven § 271, «for å ha øvd vald mot ein annan person eller på annan måte krenka ham fysisk».

Endra sikting

Hattrem Moa blei erklært død ein time etter slaget, men ein obduksjon viste at 21-åringen døde av hjernebløding gått ut frå ein karmisdannelse i blodårene i hovudet. Blødinga kan ha oppstått spontant ifølge rapporten, så sjølv om den tiltalte har erkjent å ha slått Hattrem Moa, meiner politiet at dei ikkje har bevis for at 24-åringen skulle ha vore klar over moglegheita at slaget kunne føre til dødsfallet.

24-åringen som no må møte i retten drog heim og la seg etter slaget, kor han blei henta av politiet kl. 6. Etter undersøkingar og avhøyr på Molde politistasjon blei han tatt hand om av helsevesenet. 4. november blei han overført til Hustad fengsel med oppfølging frå helsevesen, men blei kort tid etter lauslaten.

Håpar på rettferd

Saman med aktor, politiadvokat Knut Meek Corneliussen, og forsvarar Øyvind Panzer Iversen skal også bistandsadvokat Mads Lind Jenset vere til stades under rettssaka. I mars sa han til TV 2 at han meinte 24-åringen skulle vore tiltalt for «grov kroppsskade med døden til følge», sidan han meinte det var heilt usannsynleg at Hattrem Moa hadde døydd om den tiltalte ikkje hadde slått.

På same tid sa mor til avdøde, Hilma Hattrem, til TV2 at «Tobias kjem ikkje tilbake, det har eg skjønt etter kvart. Men eg trur på rettferd i systemet.»

Fengsel og bot

Rettssaka skal vere i lagmannsrettens sal på Fylkeshuset i Molde tysdag 6. juni og onsdag 7. juni, med Svein Eikrem som rettens leiar. Strafferamma for Straffeloven § 271 er bot eller fengsel inntil eit år, og bistandsadvokaten kan eventuelt sette fram sivile krav på vegner av dei pårørande, til dømes erstatning.