Styret i Møre og Romsdal Venstre er svært skeptiske til eit nasjonalt anlegg for behandling av uorganisk avfall på Raudsand.

– Plasseringa er dårleg i forhold til kor avfallet oppstår, og dette medfører risikabel transport både på sjø og veg, skriv styret i ei fråsegn om avfallsanlegget.

– Konsekvensutgreiinga er ikkje klar, men alt no verkar Raudsand som eit dårleg alternativ for deponering av avfall som i stor grad oppstår på Austlandet (avfallssyrene frå Kronos Titan i Fredrikstad) og utlandet.

Styret skriv at Venstre vil ha ei sikker avfallsbehandling, og at Noreg treng eit slikt anlegg.

Vil ha fleire alternativ

– Vi vil likevel ha fleire alternativ for vurdering enn dei to som ser ut til å stå att no. Venstre vil også utfordre industrien på å utvikle prosessar som gjev mindre miljøskadeleg avfall, eller utnytte dette i ny produksjon.

Møre og Romsdal Venstre går imot val av Raudsand som nasjonalt anlegg ut frå det dei  kjenner til no.

– Vi vil studere konsekvensutgreiingane nøye, og krev at desse må omfatte både fjellkvaliteten på deponistaden og risikoen for havari under transporten. Eit utslepp til elv eller fjord ville vere ei uakseptabel miljøkatastrofe som vi aldri kan risikere.

Nei og frå Molde Venstre

Molde Venstre har og handsama spørsmålet om deponi på Raudsand, og fleirtalet sendte mandag ut pressemelding der dei ber om at deponiplanane på Raudsand vert stoppa.

«Miljørisikoen må vurderes politisk opp mot nye lokale arbeidsplasser som denne aktiviteten på land er ment å skape, og den kjensgjerning at vi som nasjon bør kunne ta hånd om vårt eget farlige avfall på et eller annet sted. VENSTRE er særdeles opptatt av miljøet, et rent hav og en bærekraftig utnytting av våre matressurser i havet. Her går sjøveien bokstavelig rett gjennom «matfatet» vårt.», skriv Molde Venstre mellom anna.

Nestleder og kommunestyrerepresentant Frank Stenløs er ikkje samd i vedtaket i Molde Venstre. Han sendte ut si eiga pressemelding der han gjekk inn for deponi på Raudsand.