MOLDE: – Kvart år kjem det fleire bubilar. Det er mykje nordmenn og tyskarar, men dei som imponerer meg mest er nederlendarane. I forhold til folketalet er det utruleg mange av dei, seier Terje Nakken, som har jobba med drifta av Kviltorp Camping heilt sidan opningsåret 1957, da det var mest nordmenn i Volvo med telt i bagasjerommet.

Næring gir liv

– Det går veldig bra her, vi har som regel besøkande heile året gjennom. På vinteren har vi ein del arbeidarar som jobbar med forskjellige prosjekt i området, og om sommaren er det turistane som fyller plassen, fortel Kåre Eide, dagleg leiar av NAF Camp Molde AS, bedrifta som eig Kviltorp Camping.

Dei siste 10 åra har bedrifta meir enn tredobla omsetnaden og overskotet, høvesvis frå 3,1 millionar kroner til 9,9 millionar og frå 900 000 kroner til 2,6 millionar. Grunnen har Eide klart for seg:

– Vi set overskotet inn i eigenkapitalen, og utvidar mykje. Sidan eg begynte her i 2001 har vi investert bortimot 60 millionar kroner i bygningar og arealet vi har, samstundes har vi framleis planar om meir.

Symbiose

Mens Eide i NAF administrerer campinga i det store og heile, er det Nakken, i selskapet KC-tjenester AS, som står for den daglege drifta.

– Vi er to selskap avhengig av kvarandre. Vi lev av den same turismen, og om det går bra eller dårleg med den eine så smittar det gjerne over, fortel Nakken.

74-åringen har alltid vore næraste nabo til campingplassen, og begynte i jobb der med ein gong det opna, som 14-åring.

– Eg har jobba her i 60 år, og det er blitt slik at eg trur livet skal bestå av å styre ein campingplass, og inkje anna. Eg er pensjonist, men eg blir her fram til helsa tar meg, seier Nakken, som saman med sonen eig KC-tjenester AS.

Feiring

60 år i drift gir Kviltorp Camping ein grunn til å feire. På laurdag nyttar dei seg av sjansen.

– Vi er ganske stolte av plassen vi har her, så feiringa blir her på staden, rett nedmed sjøen. Vi startar med kåseri om statsråd Astrups tid, av Bjørn Austigard, og avsluttar med konsert av Revolt V. Imellom har vi oppvisning av Kleive Trial, og enda ein konsert med Elvis (Morgan Vøien), så eg trur det er noko for alle, seier Kjell Johnny Johansen, leiar for den lokale arrangementskomiteen i NAF.

Andre tider: Kviltorp Camping i 1962. Foto: Privat
Fornøgd: – Det går veldig bra her, vi har som regel besøkande heile året gjennom, fortel Kåre Eide, dagleg leiar av NAF Camp Molde AS, bedrifta som eig Kviltorp Camping. Foto: Svein Olav Sæter