Det har tidvis vore kø ved valurna i 90-metersskogen på Høgskolen i Molde i dag, der tilsette og studentar har stemt på fire rektorkandidatar.

Valet for den kommande toårsperioden står mellom kandidatane Lise Lillebrygfjeld Halse, Heidi Haavardsen, Steinar Kristoffersen og Georg Inge Iversen Panzer.

- Det er viktig å stemme ved rektorvalet, rektor skal jo også ivareta studentanes interesser, kommenterer student Andreas Selseth.

- Det er spennande med så mange kandidatar. Valdeltakinga blant tilsette er svært høg, dei aller fleste stemmer. Også ein del studentar stemmer, seier informasjonssjef Jens Petter Straumsheim ved Høgskolen i Molde.

Han opplyser at det truleg går mot ein andre valomgang, sidan det er fire kandidatar og vinnaren må ha meir enn 50 prosent av stemmene.

Resultatet frå dagens val vert klart i ettermiddag.

Saka vert oppdatert.