Aukra kommunestyre ønsker ei ryddig og rein kommune. På tirsdag vedtok dei å invitere velforeiningar og grendalag til ryddedugnad.

–  Vi ønskjer at Aukra skal vere ei innbydande kommune å komme til. Difor inviterer vi no grendalag og velforeiningar til å bli med på dugnad for å plukke søppel i nærområdet sitt, fortel initiativtakar til kommunestyresaka, Bernhard Riksfjord.

Kan gi mange gevinstar. Ordføraren meiner ein slik aksjon kan bringe med seg mykje positivt:

– Kommunen vil ta kontakt med dei nærare 20 grendalaga og velforeiningane med det første og invitere til dialog. Kanskje kan dei lage ei triveleg ramme rundt aksjonen, og målet er at alle blir med på å gjere kommuna vår reinare og trivelegare, seier han dagen etter kommunestyrevedtaket.

Treng tidsramme

Kommunen vil ta ansvar for å hente og levere søppelet som blir samla inn, men treng ei tidsramme for dette.

– Kommunen går difor ut umiddelbart og tek kontakt med aktuelle lag og foreiningar, og håper på raske tilbakemeldingar. Det er opp til kvar enkelt aktør korleis ein vil organisere dette. Det hadde sjølvsagt vore kjekt om dette var gjort til 17.mai, men vi  forstår at ikkje alle kan klare det og at ein slik dugnad tek tid å organisere. Vi må likevel fastsette ei tidsramme i lag, med tanke på dei som skal hente søppelet. Og det hadde vore kjekt at kommunen, frå fjell til fjøre, var ryddig og innbydande i alle fall til sommaren, meiner ordføraren.

Alle kan bli med

Riksfjord understrekar at alle som vil, kan vere med.

– Ein treng ikkje å vere medlem i ei velforeining. Også privatpersonar kan bidra. Dette er ei oppmoding til alle som bur i kommunen vår. Og dersom alle bidreg i ryddedugnaden, så kan dette bli veldig bra, det er eg overbevist om, seier ein oppglødd ordførar.