EIDSVÅG / NESSET: Prisen på 20.000 kroner og eit maleri vart overrekt under Nessetkonferansen. Det er fjerde gong prisen vert delt ut.

I grunngjevinga for tildelinga heitte det mellom anna at prisvinnaren arbeider for å skape lokal tryggleik, at det er ein organisasjon som året rundt jobbar for å hjelpe og berge folk, og at laget er i ein særklasse når det gjeld dugnadsinnsats.

Rune Toven takka for prisen.

– Vi har medlemmer som stiller opp og rykker ut. Banken har støtta oss før, og stiller igjen opp for oss, sa Toven.