Inviterer ungdom på konferanse

10.-klassingar var spesielt invitert til Nessetkonferansen, og stilte opp.

SAMARBEID: Banksjef Jan-Børge Silseth hadde invitert tiandeklassingar til konferansen – her klar for fin lunsj.Foto: Anita Vingen

Nyheter

EIDSVÅG / NESSET: – Veldig interessant og lærerikt! Og veldig god lunsj! kommenterte mellom andre Jakob Hoem Aasen, Kristina Aspås Brakstad og Rakel Kvernberg Blø.

– Og bra å få informasjon om støtte og tiltak om ein vil satse som gründer, sa Malin Mære.

Dei var mellom 25–30 tiandeklassingar som deltok på Nessetkonferansen – ein gjeng som utgjorde ein uvanleg ungdommeleg delegasjon i denne typen forsamling.


Å invitere skoleelevar er ein tradisjon, opplyser banksjef Jan-Børge Silseth, og slo seg ned ved «ungdomsbordet» for bilde og ein rask prat.

– Vi samarbeider med ungdomsskolen, og inviterer avgangselevane til konferanse kvart år. Vi i banken er jo ute på skolen med økonomi-opplæring, det er fast i samband med gründercamp som vert arrangert på skolen. Da er det kjekt å kunne invitere dei med også i denne samanhengen, seier Silseth.