Sandøy: Nyleg inviterte Sandøy kommune til folkemøte om barn sine oppvekstmiljø i Sandøy. Bakgrunnen er dei negative resultata frå Ungdata-undersøkinga som ungdomstrinnet svara på i 2014 og med oppfølgingsrunde i 2015.

Uro og engasjement

Spørsmåla og svara har uroa og engasjert heile lokalsamfunnet i Sandøy. 80 personar møtte fram på møtet: ungdomskuleelevar, foreldre, lærarar, politikarar, ungdomsleiarar og andre interesserte benka seg for å delta på kommunen sin dialogkafé med gruppearbeid og idémyldring.

Folkehelsekoordinator Lene Fjørtoft Breivik fortalde om status, og om kva kommunen har gjort i etterkant av undersøkinga. Det har vore nedsett ei arbeidsgruppe der ho sjølv, rektor, helsesøster, ppt-tenesta, elevrådsleiar, einingsleiar for helse og omsorg og ordførar har deltatt. I tillegg skal det no opprettast eit treårig prosjekt kalla «Kva er viktig for oss?» Det er tenkt at dette prosjektet vil få ei sentral rolle i folkehelsearbeidet og det samla arbeidet for born og unge. Omdømmebygging og styrking av identitet vil også vere eit mål for prosjektet.

Prosjektgruppe

– Ved å sette ned ei breitt samansett prosjektgruppe med representantar frå kommune, frivillige lag og organisasjonar, born og unge, foreldre, næringsliv og politikk vil vi få ei unik moglegheit til å syne kva arbeid som vert gjort for born og unge på dei fleste arena i samfunnet. Slik kan også nye idear kome fram, seier Breivik Fjørtoft.

Etter innleiinga fortalde Rita Valkvæ om arbeidet og erfaringane frå Ungdata-undersøkingane nasjonalt og for Sandøy spesielt. For Sandøy hadde ho mest fokus på dei positive sidene ved undersøkinga.

– Vi må ikkje gløyme at heile 82 % trivst på skulen, 66 % er fornøgd med lokalmiljøet og 92 % meiner dei har eit trygt miljø. Likevel; det er heilskapen som er avgjerande. Det heitest at det skal ein heil landsby til for å oppdra eit barn. Då må alle bidra på alle nivå, seier Valkvæ. Ho hadde mange gode innspel til foreldre og samfunn, om det å sette grenser og om korleis ein kan støtte opp.

Elevrådet tar tak

Elevrådsleiar Silje Husøy fortalde om arbeidet i elevrådet og om fleire tiltak dei vil bidra med for å betre utemiljøet ved skulen. Mellom anna skal dei få ruta opp og måla eit stort sjakkbrett ved gapahuken på skuleområdet, med tilsvarande store sjakkbrikker. Dei skal lage til kosekråer og legge til rette for meir ballspel. Frå 5. klasse har det kome forslag om å lage til ein «vennebenk» som kan målast med oppkvikkande fargar, oppmuntrande ord og setningar.

Elevrådselevane fortel at det har vore mykje snakk om mobbing, men dei meiner samstundes at det er lite mobbing ved skulen og at det er lite krangling mellom klassane.

Aiva Lazaunikaite er elevrådsleiar for 9. klasse og har vore ved Harøy skule i berre 3 år. Når ho kom til skulen frå Litauen kunne ho ikkje eit einaste norsk ord. Det har gått veldig bra, smiler ho.

– Sjølvsagt var eg veldig nervøs i førstninga, men alle var snille og alle prøvde å snakke med meg. Litt engelsk hjelpte også godt på i startfasen, seier ho.

Ordførar Oddvar Myklebust tek resultata frå Ungdata-undersøkinga på alvor.

– Men ein må ta høgde for at grunnlaget med berre vel 40 elevar er lite, og eit enkelt svar kan gi store utslag på statistikken. Som ordførar vil eg gjere alt for at alle skal oppleve oppvekstmiljøet i Sandøy som positivt. Her er samarbeid viktig og ikkje minst må foreldra kome på bana. Kva haldning signaliserer dei i kvardagen? Korleis er samtalen rundt kjøkkenbordet, seier Myklebust.