Kjennetegn på nettsvindel

• Personen ber deg gå ut av sjekkenettstaden og vil kommunisere med deg gjennom e-post eller private chattetenester.

• Gir svært tidlig uttrykk for hjartevarme og kjærleik

• Vil raskt ha private opplysningar om deg.

• Sender deg fotografi av seg sjølv som ser profesjonelt ut.

• Sender deg store mengder epost.

• Personen påstår at han/ho er frå til dømes eit europeisk land, men er på reise eller jobbar i utlandet.

• Vil kome på besøk men kan dessverre ikkje kome på grunn av ei tragisk hending.

• Ber om pengar for å dekke ei reise, akutt sjukdom, opphald på sjukehus for eit medlem av familien, visumutgifter eller liknande.

• Skal starte opp forretningsdrift du får vere del av og som du skal få ut inntekter av seinare i ei felles framtid saman med personen.

Nettsvindelråd

• Ikkje gi pengar til nokon du treff berre på nett.

• Be banken om råd og dokumentsjekk før du overfører også mindre summar til utlandet.

• Kontakt politiet om du eller nokon du kjenner er utsett for denne typen svindel.

• Kutt all kommunikasjon på nett, epost og chat med personen umiddelbart.

• Ikkje opprett ny kontakt med svindlaren.