Midsund, Molde og Nesset KrF førebur seg på nye Molde kommune. Alle tre lokallaga har lagt til rette for å slå seg saman, og då Midsund KrF skulle ha årsmøte, samla dei alle lokallaga i det som skal bli ein ny, stor kommune.

– Vi ville bli betre kjent og finne ut korleis vi kunne samarbeide og førebu oss på endringane som følgje av ny kommunestruktur. Kva utfordringar er felles, og kva er ulikt?, seier Arnstein Misund, leiar i Midsund KrF.

Gruppeleiar i Molde KrF, Hallgeir Ringstad, skisserte arbeidsoppgåvene for KrF framover med å utvikle felles program for utforminga av den nye kommunen. Svein Atle Roset frå Nesset KrF kom også med innspel frå sin kommune.

– Eit viktig arbeid framover blir å bygge ein samlande organisasjon og eit felles politisk program. Skal laga lukkast med det, så må ein lytte til kvarandre, og bli kjent med behov og utfordringar «frå fjell til flu», frå Eikesdalen til Dryna, seier Misund.

Han seier det var ein god debatt om store saker som bygging av nytt sjukehus på Hjelset, Møreaksen og bypakken. Dei diskuterte og primærtenestene som helse, skule og barnehage.

– Debatten friskna til då rikspolitiske saker som KrF sin plass i norsk politikk og i kva retning partiet skal samarbeide i neste stortingsperiode vart diskutert, seier Arnstein Misund.