TUSTEN: Elevar frå Eide, Bekkevoll, Vågsetra, Haukås, Bud og Tornes var nokre av dei som var ute i den flotte vintersola for å stå på ski på Tusten. Barneskulane Eide, Vevang og Lyngstad var på Skaret. Også i Jensgurilia krydde det av barn og ungdom. Til saman var over tusen store og små elevar på ski denne tirsdagen.

– Det er kjempebra forhold på Tusten, og trekket er åpent heilt opp til Brenthaugen. Det er fordi vi har produsert kunstsnø kvar natt, seier driftsleiar Pål Nakken.

– Det er rundt fem hundre elevar i bakken i dag! Mars har vore den beste månaden når det gjeld å stå på ski, og det ser bra ut for skisesongen framover, legg han til.

Helena Marie Johansen (10), Augusta Victoria Malme (11) og Isabell Moen Hammerø (10) fra Haukås skole i Elnesvågen var veldig glade for å ha «skule» i skibakken. Dei har stått mykje på ski før, og dei køyrde nesten frå toppen på Tusten.

– Dette er veldig mykje betre enn skule! seier dei alle tre.

I Jensgurilia var det også ei maurtue av folk den same dagen. Der var det både langrenn, aking og grilling. Både elevar og lærarar koste seg i den deilige sola. Se bilder i karusell øverst i artikkelen.