Stortingsrepresentanten frå Surnadal har vore forkjempar for ferjefri E39 og er glad for signala som har komme om pengar til Møreaksen.

– Det er bra, men det måtte også komme no. Senterpartiet og den raud-grøne regjeringa la grunnlaget for det som no skjer. At det ligg inne pengar i den første perioden er viktig for at prosjektet kan bli starta opp, seier Klinge.

Om det skulle bli regjeringsskifte til hausten vil Sp vere ein garantist for å følgje opp.

– Beløpa må minst ligge på det nivået som no har komme fram. No er det viktig å halde oppe trykket, seier Klinge.

– Kor forpliktande?

Samtidig er ho uroa for kort forpliktande lovnadane om dei i alt 8 milliardar kronene til Møreaksen er.

Ho forklarer dette med at sidan NTP-periodane no blir delt inn i bolkar på 12 år – 6 pluss 6 år – i staden for 10, vil ei regjering kunne love pengar så langt fram i tid at den ikkje treng å stå for lovnadane.

– Før var første del av NTP fire år, altså like lenge som ein stortingsperiode. Ved å auke denne til seks år, vil dei to siste åra kunne bli etter at ei regjering har gått av. Dermed vil heller ikkje lovnadane gjelde lenger, seier ho.

– Kva seier du til dei som meiner at Møreaksen vil stikke av med så mykje pengar at det ikkje blir noko att til Hafast og Halsafjord-sambandet?

– Det har vore brei semje om at Møreaksen skulle komme først. At det no kjem pengar til den, betyr jo at dei andre prosjektet på E39 kan komme fortløpande etterpå. Derfor er det viktig å komme i gang så snart som råd er, seier Klinge.

– Møreaksen eller utsetting

Ho seier Sp vil gå for Møreaksen sjølv om mange, ikkje minst på Nordmøre og i Vestnes og Molde, vil ha alternativet Romsdalsaksen via Sekken. Av dei etablerte partia er det berre SV som har sagt at dei vil gå for Romsdalsaksen. Pensjonistpartiet i Møre og Romsdal har signalisert at dei er imot Møreaksen. I tillegg er det truleg at Nordmørslista vil gjere dette.

Andrekandidat på Sp-lista, Vestnes-ordførar Geir Inge Lien, kan komme på Stortinget om partiet held fram framgangen på meiningsmålingane.

– Du er ikkje redd for å miste stemmer ved å fronte Møreaksen?

– Nei, eg trur at veljarane ikkje berre ser på ei enkeltsak, men heileskapen i det partiet står for. Valet av Møreaksen er gjort etter grundige og langvarige prosessar. Eg er villig til å lytte til fornutfige innspel, men eg oppfattar ikkje Romsdalsaksen som eit realistisk alternativ. Dersom ein vil ha ferjefri veg mellom Molde og Ålesund no, er det berre Møreaksen som er alternativet. Dei som går inn for andre alternativ, går inn for utsetting i mange år, seier Klinge og minner om at det ikkje er sjølvsagt at Stortinget skal bruke så mange milliardar i vår del av landet.

– Ferjefri E39 er ei enorm satsing på Vestlandet og Nordvestlandet. Det er viktig å komme i gang så snart som råd er. Om 15–20 år kan det vere ein helt anna økonomisk situasjon i landet, seier Jenny Klinge.