Eide / Fræna: – Når to kommunar skal slå seg saman, er det mykje som skal diskuterast og samordnast. Siktemålet må vere å få til forbetringar til gagn for innbyggarane og dei tilsette i kommunen. Det gjeld å vareta felles verdiar og ulike interesser i mange samanhengar, også innanfor språk og kultur, uttalar mållaget, er utgangspunktet for mållaget sitt samrøystes vedtak 12. februar.

Ulik historie

Årsmøtet slår fast av innanfor skriftkulturen har dei to kommunane Eide og Fræna ei nokså ulik historie. Fræna har vore nynorskkommune inntil nyleg, og nynorsk er opplæringsmål for rundt halvparten av elevane. Eide har hatt nynorsk i skulen, men elevane har i dag bokmålsopplæring sjølv om talemålet burde tilseie noko anna.

Må vere tospråkleg

– Den nye kommunen må vere tospråkleg, og inga målform skal brukast mindre enn 40 prosent i publikasjonar, på nettsider og i saksutgreiingar. Dette bør fellesnemnda vedta. Språket er det viktigaste verktøyet både for administrasjon og folkevalde. Kunnskapar om og vilje til godt og klårt språk er ei hovudsak som må fremmast aktivt. Alt dette må nedfellast i ein språkbruksplan som fellesnemnda og den nye kommunen vedtek, uttalar mållaget.

Som hjelp til politikarane legg laget ved ei handbok i godt språk og eksempel på språkbruksplan som kan brukast.