Første anbodsrunde for asfaltlegging i no klar.

– Kvar anbodsrunde vert lyst ut med om lag 30.000 tonn asfalt kvar, opplyser Thor Asbjørn Lunaas ved asfaltseksjonen i Statens vegvesen.

Ein lokal runde er altså klar, med kortare og lengre strekningar som får nytt asfaltdekke til våren. Tilbodet omfattar fresing og dekkelegging på riks- og fylkesvegar på Romsdalshalvøya. (Sjå tabell under)

– Andre runde vart lagt ut før helga, dette anbodet vert opna midt i mars, opplyser Lunaas.

Asfalteringa vert utført i april /mai, ifølgje Lunaas.

Her er strekningane som får asfalt i vår - frå 465 meter, til nærare 4 km.

StrekningLengde
E 39 Gangveg Innergarden - Batnfjordsøra465
E 39 Moldegård rundkjøring - Fuglset976
E 39 Hjelset - Oppdøl X Fv622.150
E 39 Roaldset - Fursetfjellet2.513
E 39 Bjerkeset - Batnfjordsøra3.080
E 39 Bergsøya - Flytebrua3.960
Fv 62 Oppdøl - Skjevikåsen806
Fv 62 Toven - Eidsøra3.053
Fv 64 Sølsnes fk - Nesjestranda vgs2.290
Fv 64 Moakrysset564
Fv 64 Eide sentrum1.306
Fv 64 Silnes - Visnes2.950
Fv 64 Bae - Sørvik3.204
Fv 215 Hollingen x Fv 662 - Åndal2.877
Fv 258 Futsetra - Sveggen900
Fv 279 Krekvik - Søvik2.512
Fv 662 Rundkjøring Moldegård - Fritjof Nansensgt962
Fv 664 Løset - Tornes2.928
Fv 216 Falkhytten, modifiserte sirkelhumper