Grunnlag for siktinga er at mangelfull organisering av verksemda førte til at det ikkje blei sørga for forsvarleg helsehjelp. Det skriv Helse Møre og Romsdal på sine nettsider i kveld.

​- Vi har mottatt siktinga frå Politiet i denne alvorlege saka, og avventar vidare oppfølging frå Statsadvokaten. Samstundes arbeider vi vidare med tiltak og læringspunkt som blei lagt fram for styret i januarmøtet, seier adm.dir. Espen Remme.

Sier unnskyld til foreldrene

Politimesteren i Møre og Romsdal har sendt over saka til Statsadvokaten som avgjer om det skal takast ut tiltale.

Delvis einig i kritikk

Den tragiske hendinga fant stad over tre dagar, frå 20. til 22. februar 2015. Den lille guten Sebastian hadde ein medfødt, alvorleg hjartefeil som førte til at guten hadde kroniske og alvorlege problem med luftvegane. Då foreldra kom med Sebastian til Kristiansund sykehus, var barneavdelinga ved sjukehuset helgestengt. Helgestenginga hadde leinga i helseføretaket beslutta.

Søndag 22. februar 2015 døyde Sebastian medan han var i helikopteret på veg til St. Olavs.

Romsdals Budstikke har tidligare skrive at Helsetilsynet, som har granska Sebastian-saka, rettar kritikk mot Helse Møre og Romsdal for å ha iverksatt helgestenging utan å ha voret godt nok førebudd på risiko. Helsetilsynet har varsla at det vurderer å ilegge Helse Møre og Romsdal føretaksstraff.

I tillegg meiner Helsetilsynet at både legevaktlegen i Kristiansund og AMK-legen i Ålesund opptredde uforsvarleg og i strid med helsepersonelloven.

Til NRK seier foreldra til Sebastian at dei er glad for sikttinga. Dei vil ikkje stille til intervju men har gitt ein uttale der dei seier at dei meiner det er bra helseføretaket vert stilt til ansvar og at dei no kan arbeide for å betre helsetilbodet og sikkerheita for de små. Dei seier til NRK at saka har vore ufatteleg ond, og ei stor påkjenning.

Helseforetaket skriv dette om fakta i saka:

I desember 2016 kom sluttrapporten frå Statens helsetilsyn i Sebastian-saka der tilsynet kom fram til at det låg føre forhold som tilsa at dei anbefalte påtalemyndigheitene å ilegge føretaksstraff mot Helse Møre og Romsdal HF. Det blei lagt vekt på at helseføretaket skulle hatt større merksemd rundt det heilheitlege risikobildet i samband med organiseringa av 5-døgnsdrifta av barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansund.

Styret i HMR behandla rapporten i styremøte den 25. januar 2017 (les saken her), og sendte deretter svar til Helsetilsynet. Sidan våren 2015 har barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansund vore open sju dagar i veka, med mindre kapasitet i helgane. Avdelinga er stengt i påske- og sommarferien. I infeksjonssesongen har helseføretaket styrka sjukepleiarbemanninga på dagtid i helgane.

I planlegginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er det sagt at akuttsjukehuset skal ta imot barn og unge både til poliklinikk og dagbehandling, og for innlegging av akutt sjukdom og forverring av kronisk sjukdom. I den videre planleggingen i forprosjektet i 2017 skal tilbudet til barn utformes og konkretiseres nærmere, blant annet for å sikre god skjerming og annen spesiell tilrettelegging for pasientgruppa. Tilbudet skal planlegges etter forskrift om behandling av barn i sjukehus.