– Det vert no hausta av kulturskogen som var planta på 50 – og 60-talet. I 2016 vart det avverka over 325.000 kubikkmeter tømmer, ein stor auke dei siste par åra, opplyser fylkesskogmeister hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, Åsmund Aspen.

– Skogsdrift her i fylket er i sterk vekst. Det er stor auke i tømmeruttak, og det er også stor interesse for tilskot til skogsdrift i bratt terreng, og tilskot for nyplanting og rydding av skog, opplyser Aspen.

Stordrift

I hovudsak er det entreprenørar som står for hogsten, oftast gjennom Allskog. Det meste av hogsten skjer med store maskiner, i bratt terreng med taubanelag og vinsj.

– Det er litt vanskeleg å seie nøyaktig kor mange som har skogen som arbeidsplass. Innan offentleg forvaltning kan det gjelde rundt 20–30 personar, så er det entreprenørar hyra inn av Allskog, og ein del er sesongarbeidarar, både norske og frå utlandet, seier Aspen.

Plass til fleire

Etter hans syn er dette ei næring med plass for fleire.

– Det burde det vere, her er mykje skog som er klar for hausting dei kommande åra, seier Aspen.

Allskog

Arvid Eriksen, regionleiar i Allskog (samanslutning av skogeigarar) ser også skogsdrift som ei næring med lokalt potensial.

– Møre og Romsdal er i startgropa som skogfylke, pilene peikar rett opp. Her er det behov for fleire sterke og flinke skogsentreprenørar for å hauste skogen medan den er på sitt beste. Det er viktig å hogge no dei næraste 10–15 åra. Vert skogen ståande lenger, vert kvalitet og pris dårlegare, seier Eriksen.

Lokal satsing

Han viser til at det i dag vert henta inn arbeidslag frå Trøndelag for å ta ut tømmer.

– Det beste ville vere å få bygd opp kapasitet lokalt, for å få til ei meir jamn avverking, seier Eriksen. Han tenker da særleg på mellomstore entreprenørar med maskiner.

– Men det trengst ein variasjon av ulike typar arbeidskraft, her er Tore Rød eit godt eksempel eg håper vi kan sjå fleire av. Ungskog må stellast, ny skog må plantast ut. Mange skogeigarar gjer også ein stor innsats sjølve i skogen, seier Eriksen.

Tilnytta oppdrag

Han poengterer at skogsdrift i tillegg genererer behov for andre tenester, som tilrettelegging og rydding av terreng, transport av tømmer, og drift av kaianlegg.

– Dette gir igjen grunnlag for enda fleire arbeidsplassar, seier Eriksen.

Åsmund Asper. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal