– Det er stabile og enorme trafikktal. Sjøl med dei nedgangstidene som har vore i samfunnet, er trafikken totalt sett enda litt større enn i 2015, fortel Atle Ræstad, rådgivar på maritim drift i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Ser vi på statistikken er kanskje utviklinga på Sølsnes-Åfarnes det mest gledelege. Her er dei ei auke på 12 prosent i mengd PBE, 10 prosent i mengd passasjerar. Og i dette riksvegsambandet går det berre ei ferje.

Reknar i PBE

Trafikktal med ferjer blir oftast rekna i personbileiningar (PBE). Dette viser kor mange personbilar ei ferje har kapasitet til å transportere. Med omrekning blir ein buss rekna til to PBE, ein lastebil til 2,5 og eit vogntog til tre PBE.

Sekken unikt

Talet på attståande bilar er interessant når ferjestatistikkane kjem. Og her har det skjedd at ingen måtte vente på neste avgang i ruta Sekken-Molde. Det er unikt.

– Det skjer særs sjeldan at ingen bilar står igjen i løpet av eit heilt år. Det kan vitne om at dei har eit materiell som er litt overdimensjonert, antydar Ræstad forsiktig.

Mange attståande

Då er det verre på spesielt to samband. Over Moldefjorden vart det frakta 1,5 millionar PBE, her var det 18.591 som måtte vente på neste avgang. Enda verre er det på Halsa-Kanestraum, som er trafikkert med tre ferjer. Her var det transportert vel 830.000 PBE, 11.700 måtte vente på neste ferje.

– No skal eg ikkje meine så mykje om riksvegferjene, det er Statens vegvesen sitt ansvar. Men det er ingen tvil om at dette er flaskehalsar som byr på utfordringar, seier rådgjevaren i fylkeskommunen.

Størst vekst

Det var på Sølsnes-Åfarnes det var størst prosentvis trafikkvekst i 2016, tett følgt av Arasvika-Hennset (9,3 prosent) og Edøya-Sandvik (5,7 prosent).

– Det er nye rutetider frå 1. mai for tre samband på Nordmøre, Seivika-Tømmervåg i tillegg til dei to nemnde. Det vil forhåpentlegvis gje betre korrespondanse.

Ein liten nedgang

Størst nedgang var det på Molde-Vestnes (4,3 prosent), noko som kan ha samanheng med sterk auke over Langfjorden. Aukra-Hollingsholmen hadde ein nedgang i mengd PBE på 2,1 prosent.

Store passasjertal

Det er i sju samband i Romsdal frakta over to millionar passasjerar i 2016. Størst vekst er det på Sølsnes-Åfarnes (10,4 prosent) og Aukra-Hollingsholm (7,9 prosent). Medan Molde-Vestnes har ein liten nedgang (0,6 prosent) i passasjertrafikken.

Og så er det verdt å merke seg at på to samband er det fleire passasjerar enn bilar. Det er på utasundsruta Ona-Orten-Finnøya-Sandøya-Ona og på Molde-Sekken.

Over 17 millionar

Totalt frakta Fjord 1 på alle samband 17.128 millionar PBE og over 10,625 millionar passasjerar. Attståande bilar enda på 153.110 i løpet av 2016.

Stabilt: Ferjetrafikken er høg og stabil, sjøl med utfordringane som er i samfunnet, konstaterer Atle Ræstad, rådgivar på maritim drift i samferdselsavdelinga i fylkeskommunen. foto: bjørn brunvoll Foto: Bjørn Brunvoll