– Det er flott, det verkar som de har ein veldig god vårdag. Her i Oslo har eg same inntrykket når eg ser på observasjonane som er gjort, seier vakthavande meteorolog Kristian Gislefoss til Romsdals Budstikke.

Temperaturen i Molde er 13–14 grader, og med sola i tillegg skjønnar han at det fort kan bli like varmt ute som inne.

– Kor lenge vil det vare?

– Eg er redd dagen i dag blir den varmaste. Temperaturen skal gå ned ein del, og vi endar vel etter kvart 4–5 grader lågare, med makstemperatur opp imot 7 midt på fredag. Helga blir likevel mild og ned mot 4–5 pluss. Men det vil fort bli ei halvering av temperaturen.

– Og søndag?

– Vi kan vente tilskyande og regn så langt fram, men fredag blir ein veldig fin dag. Laurdag får vi nokre skyar og endå meir søndag. Temperaturen tilseier snø over 300–400 meter.

– Er dette normalt i januar?

– I alle fall er det ikkje heilt uvanleg med transport av veldig varm luft sørfrå i Europa sjøl om det ikkje skjer kvart år. Enkelte stader har dei fønvind, som Rekdal, Tafjord, Åndalsnes og Sunndalsøra.

– Kan vi rekne med tilbakeslag?

– Ikkje noko tyder på det så langt. Framover blir det nok plussgrader og regn, seier Kristian Gislefoss.

Fønvind i Rekdal

Sigmund Rekdal fortel til Romsdals Budstikke at han sov då det var over 14 grader og fønvind natt til torsdag.

– Vindauget står oppe, eg fekk det ikkje med meg, men kjente fønvarmen før eg la meg onsdagskvelden. Dette er merkeleg, midt på vinteren.

Han fortel at den automatiske vêrstasjonen står på garden hans, og at Rekdal rett som det er har høgast målte temperatur i Norge. At stasjonen vart sett opp på Rekdal har med innflyginga til flyplassane i Molde og Ålesund å gjere. Flya kjem mellom Snaufjella og Rekdalshesten ned Rekdalsdalen.

– Ser du vårteikn i Rekdal?

– Vi har grønt gras, det er greitt nok det. Eg har bustad i Nice og ser no at det er like varmt her i Rekdal som der. Rart er det, sluttar Sigmund Rekdal som legg kursen sørover i mars.

Vår på Ona

Turid Myrvang som har kjøkenhage på fyrstasjonen rett under Ona fyr, har spirande kvitløk som er 15 cm lang. Rundt er luftløk, timian, salat og andre nyttevekstar langt komne.

– Dette er den første vårdagen her ute. Det er mildt i lufta, solskin, laber til frisk bris og klår luft, slik det ofte er på våren, fortel Svein Bjørnerem til Romsdals Budstikke.

– Måsen har begynt å samle seg på dei ytste havskjera – eit sikkert teikn på at storsilda er på veg, legg han til.

Pensjonisten har tatt turen ut i øyriket i von om sjøvêr fredag. Då skal Bakkerøra eller ei søyle lenger inn prøvast etter torsken.