Ein mann i slutten av 20-åra er varetektsfengsla for fire veker, sikta for valdtekt av eit barn som er under 14 år.

Valdtekten skal ha skjedd i ein kommune på Nordmøre.

Møre og Romsdal politidistrikt sette i gang etterforsking på grunnlag av eit tips og makta til slutt å avsløre identiteten til mannen som hadde chatta om seksuelle overgrep  mot barn. Han vart pågripen onsdag og no har tingretten gitt politiet medhald i kravet om varetektsfengsling.

Mannen er i tillegg til valdtekt også sikta for oppbevaring av materiale som dokumenterer seksuelle overgrep mot barn.

- Den sikta har i avhøyr vedgått dei forholda som han er sikta for, seier politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.