– Dessverre viser det seg at mange kommunale klimaplanar hamnar i ein skuff. Årsaka er oftast mangel på oppfølging politisk og administrativt, seier Kim Thoresen-Vestre.

Han leverte i fjor masteroppgåva «Tenke globalt, handle lokalt», nettopp om klimaarbeid på kommunenivå. Oppgåva undersøkte eit utval kommunar som har hatt suksess med klimagasskutt, og faktorar som påverkar.

Ingen lokale suksessar

Romsdals Budstikke omtala måndag at lokale kommunale klimaplanar er utgått på dato.

– Statistikk eg gikk ut frå, viste dessverre at ingen kommunar her lokalt kom til semifinalen ein gang med tanke på kutt i utslepp, kommenterer Thoresen-Vestre.

Han held derimot fram Asker kommune som har gjort omfattande Enøk-tiltak, og med det sparer store summar.

– Personavhengig

– Det viser seg ofte at det er ganske personavhengig korleis det går med klimaarbeid i kommunane. Derfor er nettverk eit svært viktig tiltak, ikkje minst for små kommunar, poengterer Thoresen-Vestre.

– Men små kommunar viser til ressursmangel som årsak til manglande oppfølging?

Klimafestival

Tittelen på foredraget han skal halde på Klimafestivalen tysdag er «kan Paris-avtalen oppfyllast lokalt?».

– Og svaret er?

– Det kan eg jo ikkje røpe, haha. Men eg kan vel seie såpass at eg meiner det er nødvendig med meir samarbeid mellom sentrale og lokale instansar. Molde som eksempel: Høgre-regjeringa har signert Paris-avtalen med mål om å kutte klimautslepp. Lokalt styrer Høgre Molde kommune, men utan å legge opp til kutt som monnar, seier SV-politikaren Thoresen-Vestre.