– Vi er alle sterkt prega av det vi opplever i Aleppo og elles rundt i Syria. Ikkje minst gjennom glimt i tv er vi vite til ein heilt ekstraordinær situasjon, seier ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) i Aukra.

– Vi er vitne til ei stor akutt menneskeleg katastrofe, der vi både gjennom KS og ulike organisasjonar vert utfordra til å gje økonomisk hjelp til dette hjelpearbeidet.

Viktig bidrag

Derfor sende han ei førespurnad til kommunestyret, og bad om tilbakemelding om det var ønske og vilje til å bidra med midlar til aktuelle hjelpeorganisasjonar. Tilbakemeldinga var tydeleg; her skulle dei hjelpe!

To organisasjonar

– Dei støtta mitt forslag om å gje 50.000 kroner. Dette delt mellom to organisasjonar, 25.000 kroner til Leger utan grenser og 25.000 kroner til Røde Kors. Saka kjem formelt opp i første møte i kommunestyret.

– Vi har registrert at dei store bykommunane allereie er «på banen». Eg trur og håper også andre norske kommunar og fleire vil gjere noko tilsvarande.

Stor tragedie

– Den må vere laga av stein som ikkje reagerer og er rørt av det heilt ufattelege som skjer i Syria. Her opplever vi mellom anna at landet sitt eige regime er med å slakte sine egne barn. Det er ofte dei uskuldige som vert hardast råka. Mange vaksne mister alt dei har, men ikkje minst ser vi lidingar barna må gjennom.

– Det er også trist å sjå at kulturskattar ligg i ruinar, dei er uerstattelege. Dette er ei tragedie knapt utan sidestykke. Vi kan ikkje hjelpe alle, men vi kan hjelpe litt, seier ordføraren i Aukra.

– Vi er vitne til ei stor menneskeleg katastrofe. Det er naturleg for oss å bidra til hjelpearbeidet i Aleppo og Syria, meiner ordførar Bernhard Riksfjord. Foto: Erik Birkeland