Det seier Håvard Haarstad, forskar frå Molde ved Universitetet i Bergen. Han snakkar om «Byens rolle i klimaomstillinga» på Klimafestivalen i Molde.

Festivalen, frå 18. til 28. januar, er paraply for tiltak med ulike arrangørar, knytt saman til eit program med klima som grøn tråd. Haarstad-foredraget på Molde bibliotek er også del av PopVit-serien.

– Kva er dei viktigaste klimagrepa i ein småby som Molde?

– Å få liv i Storgata. I Molde ligg det til rette for å skape eit godt sentrum gjennom fortetting. Men det er veldig dumt at nytt sjukehus skal ligge Hjelset, når det er eit nasjonalt mål å unngå kjøpesenter og tilsvarande utanfor byane. Det nye sjukehuset vil skape eit enormt behov for transport. Vedtaket kom jo ikkje frå politikarane i Molde, men dei kan gjere sitt for å sikre gode kollektive løysingar dit. Om all køyring til sjukehuset skjer med bil, vil det skape problem i sentrum også.

– Kva er det viktigaste bodskapet ditt i foredraget?

– Folk i heile verda flyttar til byane, det er ein megatrend i menneska si historie. Og sjølv om eit vanleg bilde av byar er at dei er «skitens og syndas pøl», er dei også del av løysinga på klimaproblemet. Byane gir utfordringar, men også høve til løysingar. Spørsmålet er korleis ein kan bygge berekraftig.

Må bygge kompakt

Forskaren trekk fram kompakte byar som ein nøkkel.

– Tette byar legg til rette for gode løysingar for kollektivtransport, så folk kan bu der utan bil. Samstundes må byane vere attraktive å bu i.

Han viser til at byar rundt i verda er svært ulike på det punktet: I solbeltet i USA ligg f eks husa svært spreidd.

– Det er ein sterk samanheng mellom kor spreidd ein by er, og kor mykje energi som går til transport og bygningar. Kompakte bygg krev mindre energi til varme eller luftkjøling.

Haarstad peiker på ein sterk trend tilbake til bysentera: få slutt på kjøpesenter utanfor byane, og gjere sentrum aktivt og attraktivt for folk.

Nokre byar i verda har gjort om soner for bilar til menneskevenlege område, seier han.

– Kva for byar i Norge har komme lengst med klimagrep?

– Oslo er i ein klasse for seg sjølv, og bør vere det også. Dei skal innføre bilfritt sentrum, og lage klimarekneskap for kommunens eigen aktivitet, med ambisjon om kraftige kutt. Og dei er gode til å bygge ut sykkelvegar. I Bergen har dei satsa på bybane. I Norge er det dei største byane som tar grep andre kan lære av.

Fekk 20 millionar

Haarstad studerte samfunnsgeografi i Bergen og USA etter at han flytta frå Nordbyen. I fjor fekk han 20 millionar kroner til å bygge ei forskargruppe på klima- og energiomstilling, med hovudvekt på byutvikling. Målet er å finne gode døme som andre kan lære av.

Hele programmet for festivalen finner du her.

Susanne Friis Pedersen, Bioforsk. Foto: Anita Land/Bioforsk
På Holmarka. Foto: Paul Kleiven/SCANPIX