Attståande bilar er ofte dei første tala mange kastar seg over når ferjestatistikkane kjem. Og etter at vi har passert november, er det ifølge tala framleis ingen som måtte vente på neste avgang i ruta Sekken-Molde.

Trafikktal med ferjer blir oftast rekna i personbileiningar (PBE). Dette viser kor mange personbilar ei ferje har kapasitet til å transportere. Med omrekning blir ein buss regnet til to PBE, ein lastebil til 2,5 og eit vogntog til tre PBE.

Lang ventetid

Utasunds er det verre enn om du skal til Sekken, på Småge-Orten-Finnøya-Sandøya-Ona har det vore 203 i PBE som måtte vente på neste avgang.

Det er nesten ei dobling i høve 2015-trala. Og der er det sjeldan mindre enn eit par timar til neste ferje kjem. Tala skriv seg spesielt frå sommartrafikken ut til øyane.

Mest trafikk

Ved utgangen av november hadde 18.153 i PBE stått igjen når ferja la frå kai i Molde eller på Furneset. Store tal, men kanskje ikkje når vi veit det var frakta 1,45 millionar PBE dei elleve første månadane. Og her er det trass alt berre ein knapp halvtime til neste avgang.

Halsa-Kanestraum har ofte vore sett på som sambandet med størst utfordringar. 11.493 i PBE har stått igjen, av ein trafikk på 782.955 PBE.

Størst vekst

Størst prosentvis vekst i ferjetrafikken i november var det på utasundsruta, med ei auke i PBE på 39,2 prosent. Molde-Sekken auka med 27,3 prosent. Einaste samband med nedgang i trafikken i vårt område var Molde-Vestnes (4,3 prosent).

Over Langfjorden (Sølsnes-Åfarnes) var det ei auke på 28,4 prosent. Det kan også vere ei auke som ein konsekvens av at tunnelar mot Åndalsnes skal utbetrast og er nattestengt.

Store tal

Det er i de sju samband i Romsdal frakta 1,9 millionar passasjerar ved utgangen av november. Størst vekst er det på Sølsnes-Åfarnes (10,8 prosent) og Aukra-Hollingsholm (8,8 prosent). Medan Molde-Vestnes og Solholmen-Mordalsvågen har ein liten nedgang i passasjertrafikken.

Utfordringane er større i utasundsruta, stadig fleire måtte vente til neste avgang. Som ofte er tre-fire timar fram i tid. Foto: Agnar Gjendem