Det var ein uvanleg kø bak i Molde domkyrkje søndag, da folk under misjonsgudstenesta kom med FM-radioar til «ofring», med Kamerun som mål. Innsamlinga var del av kampanjen «Gi ein radio» som Det Norske Misjonsselskap (NMS) står bak.

I køen stod Eyvind Pettersson med dottera Ina Opstad Pettersson (7).

– Kor skal radioen din, Ina?

– Han skal til Afrika, seier ho.

Ved sida av står Einar Lystad Johnsen, nokre år eldre, og veit enda betre beskjed:

– Det er ein radiostasjon i Kamerun som har sagt at dei treng FM-radioar. Og når vi ikkje kan bruke dei lenger her, er det bra at dei kan gjere det.

Initiativ frå Kamerun

Trond Hjorteland er kontaktperson for den nasjonale radioinnsamlinga som skjer i regi av NMS Gjenbruk-butikkane landet rundt, også i Molde. Aksjonen skjer etter initiativ frå radiostasjonen «Evangeliets røyst» i Kamerun, som hadde ideen, skriv dagen.no.

– Mi oppleving er at prosjektet har tatt av og at interessa for å samle inn radioar er stor, seier Hjorteland til avisa.

Innsamlinga i Molde domkyrkje skjedde imidlertid på initiativ frå domkyrkja sjøl, der biskop Ingeborg Midttømme, diakon Kristin Endresplass Ervik og sokneprest Grete Lystad Johnsen har engasjert seg.

40 store og små

I domkyrkje står Turid Nyland og tar imot etter kvart som folk kjem med apparata sine. – Kjempeartig, seier ho, før ho snur seg for å hjelpe ei som kjem med ein stor pose med fleire innpakka radioar.

På kyrkjebenken ved utgangen står til slutt 27 radioar av alle slag: større og mindre, med og utan batteri og leidningar, nokre som ser nye og fine ut, andre med mange år ute på dei snart stilnande FM-bølgene. Seinare kom det inn fleire, så talet kom opp i 40, fortel NRK seinare på dagen.

I ei korg ved sidan av ligg ein haug med 50-lappar. Dei skal betale for konteinarfrakta når apparata sendast til Kamerun.

Tar gjerne imot fleire

Eldrid Nerheim er leiar for NMS Gjenbruk i Molde. Ho fortel at folk som ønsker eit nytt liv for FM-radioen sin, kan levere desse til NMS Gjenbruk.

- Det er flott om folk vil komme med radioar til oss. Vi skal ta imot så langt vi kan, og da helst mindre radioar, seier Nerheim.

Som kjent flytta gjenbruksbutikken nyleg frå Romsdalsgata til bussterminalen.

Aksjonen «Gi ein radio» til Kamerun, har gått føre seg ei stund, men informasjonen har så langt blitt gitt mest i misjonskretsar. NMS Gjenbruk sende f eks to kasser med radioar til NMS sentralt i Stavanger tidlegare i høst.

NRK sløkker FM 8. februar

Som kjent sløkker NRK FM-bandet 8. februar i Møre og Romsdal, og sender da berre via DAB.

21. april gjer Radio Norge og P4 det same.

1FM i Molde kjem på DAB i starten av 2017, men vil halde fram på FM parallelt, sidan lokalradiostasjonar har konsesjon for FM i fem år til.

6,7 millionar

Digitalradioundersøkinga frå november viser at Norge har 6,7 millionar radioar som berre kan brukast på FM-bandet.