– Tenestestaden for Aukra og Midsund vert Molde politistasjonsdistrikt. Vårt krav til den pålagde politireforma er at det skal vere ein god og sikker politifagleg polititeneste. Og ikkje minst meir synleg nærvær i kommunen.

Det meiner ordførar Bernhard Riksfjord (Ap). Aukra kommune støttar Romsdal Regionråd sin høyringsuttale om organisering av politidistrikt og driftseiningar i Møre og Romsdal.

Fleire krav

Men etter framlegg frå ordføraren kjem formannskapet i tillegg med krav om at det bør (skal) vere nok tilgjengeleg politi for innbyggarane i Aukra kommune. Og at det er eit sterkt ønskje om meir operativ personell som i praksis må vere synleg i kommunen.

Nærpoliti

– Det må vere meir tilgjengeleg operativ politi, slik nærpolitireforma har som målsetting. Politiet sine tilsette som er operativt personell må vere meir synleg i praksis ute i kommunane, meiner Riksfjord.

Derfor forventar politikarane at det for innbyggarane i Aukra vert både oftare og meir synleg politi i kommunen.

Førebygging

– Vi må også bygge vidare på å kunne få til velfungerande politiråd med jamlege møter og samarbeid om mellom anna førebygging og andre samarbeidsoppgåver. Det vil vere ei viktig oppgåve for kommunane å kunne samarbeide for å få meir ressursar til politiet i Møre og Romsdal.

Underdekning

– Det er ei kjensgjerning at vårt fylke har ein underdekning i forhold til økonomi og i forhold til ressursfordeling i landet totalt sett. Her må vi stå saman for krav om betring. Det trur eg vi tverrpolitisk kan vere eining om å få til, meiner ordføraren i Aukra.

I ei framtidig organisering av politidistrikta i Møre og Romsdal, er Sund lensmannskontor foreslått nedlagt. Det dekker i dag Aukra, Midsund og Sandøy kommunar.