Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord sa spøkefullt på nominasjonsmøtet til Arbeiderpartiet at dei skulle vinne valget utan hjelp av leppepomadar og doping. Enkelte har trudd at det var Else-May Botten som sa dette, og det har ho fått pes for.

Det får Bernhard Riksfjord til å reagere.

- Når enkelte  velger å trekke ei setning ut av ein samanheng, uttala av meg, og brukar den for på nytt å ville forsøke å ramme Else May Botten, er det trist og beklageleg. Eg har tidlegare og frå talarstolen i det omtala møtet tatt sterk avstand og forsøkt å tilbakevise dei mange urettvise og til dels feilaktige skuldingane som er retta mot Else May Botten, seier Bernhard Riksfjord.

Riksfjord meiner at Else May Botten gjennom lang tid har vist seg tilliten verdig som "vårt gode ombod".

- I tillegg er ho ein raus, tillitsvekkande og omgjengeleg politikar som etter mitt og mange sitt syn, representerer Møre og Romsdal fylke på ein framifrå måte. Derfor fortener Else May Botten betre enn dei urettvise skuldingane og påstandane som av enkeltpersonar og andre vert forsøkt retta mot henne.

Riksfjord viser og til kva han har sagt om Johaug:

«Kjære Terese Johaug. Du er ein god utøvar og flott ambassadør for Norge. Vi ønskjer deg lykke til i ei vanskeleg tid.».

- Begge desse omtala personane har eg stor sans og respekt for, kvar på sine områder, seier Riksfjord.