Fylkesmannens tilsyn avdekker at barn i einetiltak i privat barnevern ofte er svært einsame. Koordinator Heidrun Avdem er bekymra – også for dei tilsette.

Dei seinare åra har Fylkesmannen registrert ei utvikling der barn med samansette vanskar i større grad enn før blir plasserte i eit tiltak åleine.

Sidan det statlege barnevernet ikkje har slike tiltak, kjøper staten slike plassar av dei private barnevernsaktørane.

Risiko

Det er ei utvikling som uroar Heidrun Avdem, koordinator for barnevernsgruppa hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Over tid har vi tydeleg gitt uttrykk for uro over situasjonen i einetiltaka, seier Avdem, og viser mellom anna til årsrapporten for 2015.

«Fylkesmannen vurderer at det er stor risiko knytt til desse avdelingane fordi barn i slike tiltak blir svært einsame og gir også uttrykk for det. Erfaringa frå tilsyn tilseier at det er manglar i tilbodet som dei faktisk får både i samband med opplæring, aktivitetar og sosial kontakt. (..) Overfor tilsynet gir barna ofte uttrykk for at dei ikkje trivs i tiltaket.»

Behov

– Barna i einetiltaka har ofte kompliserte utfordringar og fell mellom fleire stolar. Dei har både behov for omsorg som varer, for stabilitet og god fagkompetanse, og kontakt med andre på same alder, seier Avdem.

– Einsame

Dette er behov som ofte ikkje samsvarar med livet i einetiltak.

– Barna i einetiltaka kjenner seg ofte svært einsame. I mange tilfelle er desse ungdommane av ulike årsaker plasserte langt unna familie og kjende, og får sjeldan eller aldri besøk.

– Dette er unge som er midt i den tida i livet då det normalt sett er svært viktig å vere saman med venner og jamaldringar. Men for ungdommane i einetiltak er kvardagen stort sett å vere åleine med berre vaksne, som er på jobb for å passe på dei, seier Avdem.

Nokre av ungdommane bur i slike tiltak i fleire år, fram til dei blir 18 år og myndige.

– Kven har ansvar for å vareta barnets interesser?

– Når barnet er plassert i institusjon, overtek institusjonen foreldras ansvar og skal syte for barnet med tanke på helse, skole og dagleg omsorg. Ved behov skal etatar som PPT og BUP koplast inn.

Barnets heimkommune som har bestilt tenesta, har ansvar for å følge opp og sjå til at det går bra med barnet, seier Avdem.

– Kva er kommunens plikter?

– Kommunen skal komme på besøk og snakke med barnet direkte. Det blir opp til kommunen kor ofte dei kjem på besøk, men dei skal jo følge opp på forsvarleg vis – vi synest det er rimeleg at kommunen besøker barna sine minst fire gonger i året slik kravet er når barn bur i fosterheim.

Tilsyn

Fylkesmannens folk er også inne fleire gonger i året på tilsyn. Vi vil gjerne snakke med ungdommane, men det er opp til dei kor mykje dei vil kommunisere direkte med oss.

Fylkesmannen sine tilsyn avdekker også at barne- og ungdomspsykiatrien ofte ikkje er direkte involvert, trass i at dei unge under omsorg har stort behov for slik helsehjelp.

Ved Fylkesmannens tilsyn vert det også spurt om bruk av tvang. Dette omfattar innskrenka rettar, og også tiltak som restriksjonar på bruk av telefon og datautstyr. Alle tiltak skal begrunnast, loggførast og rapporterast. Dette er vedtak som det eventuelt skal kunne klagast på.

– Korleis kan ein kontrollere loggføringa?

– Det er ei tillitssak, vi må stole på at institusjonen fører opp tiltaka slik dei skal.

Vi snakkar også alltid direkte med ungdommane om kva som har skjedd, seier Avdem, og vektlegg at det vert fokusert på å førebygge at det oppstår tvangssituasjonar.

Tilsette

Avdem er også bekymra for dei tilsette i einetiltaka, og uttrykker at dei som arbeider i slike tiltak har ein svært krevjande situasjon.

– Vi har sett fleire tragiske saker andre stader i landet, og har også eksempel på svært alvorlege hendingar her lokalt. Eg kan ikkje gå i detalj, men det finst døme på at det har skjedd så alvorlege ting i einetiltak i vårt område, at tilsette ikkje kjem seg tilbake på jobb. Vi ser også at dei tilsette arbeider mykje åleine eller to og to. Dei misser dermed ein del av det faglege fellesskapet som ein har stor nytte av i institusjonar som er større, poengterer Avdem.

Aleris erkjenner utfordringar

Tilknytningsproblem og høg turnover er mellom utfordringar Aleris vil ta tak i.

«Svært mange av ungdommane vi tar imot i våre bufellesskap eller i egne tiltak er traumatiserte, tilknytningsforstyrrete og personlighetsforstyrrete. Disse ungdommane trenger stabil omsorg og behandling over lang tid. De trenger stabile vaksne […]. Dette er ungdommar som ofte har mange brot med omsorgspersonar og omsorgsmiljø bak seg, som kan ha budd i fosterheim ei tid men blitt for utfordrande og dermed plassert i institusjonstiltak.» Det skriv Aleris Region Nordvest i sin egen institusjonsplan (2015).

Høg turnover

Ifølgje rapportar om tidlegare bebuarar Romsdals Budstikke har fått tilgang til, skriv likevel Aleris om store utskiftingar i personalet i bustadene, og at dette er svært uheldig for desse ungdommane.

Regiondirektør Karianne Havnes i Aleris Ungplan & BOI Region Nordvest stadfestar problemet.

– Turnover har klart vore eit problem, og er noko vi jobbar med å forbetre. Stabilitet er viktig, men medlevarturnusen med seks vaksne i bufellesskapane våre gjer at det merkast når nokon sluttar. Samtidig meiner vi at det er ein styrke at det er så få vaksne. Det er oversiktleg og det gjer det lettare å bli kjende med kvarandre når nye vaksne kjem inn, seier Havnes til Romsdals Budstikke.

Rett «match»

Ho viser til at barnevern ikkje er ein jobb alle passar i, eller trivest med.

– Allereie i rekrutteringsfasen legg vi derfor vekt på å informere søkarane godt om kva forventningar som må leggast til grunn ut frå målgruppene våre, og kva som vert kravd for å meistre og trivest i ein slik jobb over tid. God opplæring og oppfølging undervegs er også viktig, og at det er ein god match mellom personal og ungdommane vi får inn.

Nokre gonger får vi mangelfull informasjon om ungdommen på førehand. Når informasjonen vi får frå Bufetat og barnevernstenesta om ungdommen er utydeleg eller mangelfull, haustar vi erfaringar undervegs som tilseier at vi må gjere endringar for å styrke det faglege opplegget, seier Havnes.

– Utskifting kan også vere nødvendig, om det er dårleg match mellom personal og ungdom, eller at ungdommen viser seg å ha andre faglege behov enn det vi først la til grunn, seier Havnes.

FAKTA: DETTE ER SAKA

  • Natt til mandag 4. april i år begynte det å brenne i en privat barneverninstitusjon i Årølia.

  • Fire personer ble reddet ut: en beboer, ei jente på 15 år, og tre ansatte som var på jobb for å passe på henne.

  • 15-åringen er siktet for brannen, pluss en liknende brann på Hjelset natt til 22. februar.

  • Politiet venter på en prejudisiell observasjon som kan avgjøre om hun var for sjuk til å straffes.

  • Husene ble leid av Aleris Ungplan & BOI AS Region Nordvest, som har flere boliger i Molde, Eide og Fræna.

  • Norges største private barnevernaktør Aleris Ungplan & BOI AS kjøpte institusjonene av gründerne i Interaktivt Barnevern i 2011.

  • Privat barnevern i Norge har økt mye de siste åra. Hos Aleris Region Nordvest står «enetiltak», der en ungdom bor alene med to voksne i medleverturnus, for mye av økningen.

  • Nasjonalt omsatte Aleris Ungplan & BOI AS for 1,53 mrd. kr i 2015. Region Nordvest i Molde omsatte for 46,5 mill. kr.

Regiondirektør: Karianne Havnes i Aleris Ungplan & BOI Region Nordvest. Foto: Bjørn Brunvoll