Årets omsorgspris blei i år tildelt Ålesund kommune for brukardreve tenesteinnovasjon i prosjektet «Jeg Kan»

Dette er grunngjevinga for kåringa, ifølge pressemeldinga:

"Årets prisvinnar har arbeidd systematisk med innovasjon med fokus på brukarmedverknad og velferdsteknologi. Prosjektet har mellom anna sin bakgrunn i Stortingsmelding 45, Frihet og likeverd - Om mennesker med utviklingshemming.

I 2011/2012 hadde kommunen ein gjennomgang av tenestene for personar med utviklingshemming. Resultatet vart mellom anna ein strategi for Livslange tenester. I prosjektdokumentet kan vi lese: «..Kommunen skal drive et aktivt innovasjonsarbeid innenfor tjenestefeltet utviklingshemmede. Tjenester skal bygge på løsninger som er basert i foreldre og utviklingshemmedes virkelige behov og deres brukerinnsikt.» Strategien er ei erkjenning av at tenestene ikkje alltid møtte ein ny generasjon foreldre og brukarar på ein god nok måte.

I dette prosjektet ser vi at det har det vore stor grad av brukarmedverknad både på individ- og systemnivå, altså ein brukardreve tenesteinnovasjon. Det har vore breitt samarbeid og samskaping mellom ulike tenester i kommunen, næringsliv, organisasjonar og akademika. Det er i dette mellomrommet ein må finne løysingane i følgje St. meldinga «Innovasjon og omsorg"