- Å bygge ut Nordøyvegen vil svare seg økonomisk. Etter få år vil prosjektet vere sjølvfinansiert for fylkeskommunen.

Det er konklusjonen i ein ny rapport frå analyseselskapet Deloitte. Rapporten ble lagt fram på ein pressekonferanse i Ålesund mandag.

Det er næringslivet på øyane som har fått utarbeida den uavhengige rapporten, som går grundig gjennom heile kostnadsbildet med å bygge ut Nordøyvegen.

Frigjorte ferjemidlar

Ein av dei store gevinstane ligg i å ta bort ferjene. Verdien av dette er på mellom 70 og 80 millionar kroner kvart år. Fylkestinget gjekk i desember 2015 samrøystes inn for at desse pengane skal gå rett inn som investeringsmidlar i Nordøyveg-prosjektet.

Ny rapport seier at at Nordøyvegen vil svare seg økonomisk. Foto: Nordøyvegen AS

- Gevinsten med å avløyse ferjene er stor, og det blir ikkje billigare med ferjer framover. Mellom anna vil nye miljøkrav føre til auka kostnader på ferjedrifta. På sikt er difor bruk av ferje ei langt dyrare løysing enn å bygge ut Nordøyvegen.

Det seier Glen Bradley i reiarlaget Rostein AS på Harøya, som er ein av initiativtakarane til rapporten.

Aksjeselskap bør stå som utbyggar

Næringslivet meiner det bør etablerast eit aksjeselskap som skal stå for finansiering og utbygging. Atlanterhavsvegen og Skodjebrua er gode døme på at ei slik løysinga har fungert bra.

- Ved å etablere eit aksjeselskap kan ein strukturere lånet, slik at prosjektet tidleg kan dra nytte av seinare lønsemd. Dermed slepp fylket å frykte auka utgifter, som kan gå utover andre prosjekt, seier Kjell Norvoll  i Nogva Motorfabrikk.

Vedlikehald

Utover pengane som blir frigjort frå ferjedrifta, vil det ifølgje rapporten i svært liten grad vere behov for nye driftsmidlar til Nordøyvegen. I kalkylane er det også lagt inn kostnader til vedlikehald til ein verdi av 860 millionar kroner (2015-kroneverdi). Det er første gong at finansieringa av vedlikehald er lagt inn i eit fylkeskommunalt samferdselsprosjekt. Sjølv medrekna vedlikehald vil prosjektet vere sjølvfinansierande for fylkeskommunen.

- For oss som driv næring ute på øyane, er det gledeleg å sjå at Nordøyvegen også kan gi økonomisk gevinst for fylkeskommunen som utbyggar, seier Glen Bradley i reiarlaget Rostein AS.

Rapporten peikar også på at det rentesituasjonen gjer det svært gunstig å investere no. Den låge renta gjer at ein kan få langsiktige lån med svært gunstig rente.