Med nærare 80 påmelde til drake-verkstad på laurdag og fleire hundre tilstades på Røaleira på søndag, kan arrangørane Aukra kommune og Røabukta velforening konstatere at historias andre Drakefestival på Gossen vart ein formidabel suksess.

- Masse fornøgde og blide folk frå heile regionen har deltatt begge dagane, og entusiasmen og gleden over å lage og flyge drage er utrulig kjekt å sjå, oppsummerer Anne Kari Tinnesand, kulturmedarbeidar i Aukra kommune.

For liten og stor

Arrangementet har samla fleire generasjonar i felles opplevingar, og på Røaleira søndag var både små og store med på Drakeflyginga.

- Tenk så heldig vi var med veret! Det har vore dårleg dei siste dagane, og når vi kom i dag, var det nesten vindstille. Men når klokka slo 13, var det som å skru på ein brytar – då kom flyge-veret! jublar Anne Kari Tinnesand.

I år, som i fjor, hadde arrangørane alliert seg med leiar i Sola Drageklubb, Sveinung Dybvig, som veileda instruktørar i drakebygging og kom med gode tips og råd til arrangørane.

Telttur

Familien Westad/Jonsson Heidarsdottir tok like godt med seg telt og gjorde festivalen til overnattingstur.

- Når det er festival, må ein bo i telt, veit du, smiler mamma Mari Hagetveit Westad.

Familien på fire fekk bo-løyve på Røaleira og sette opp teltet på laurdag. Turen gikk først til drake-verkstaden, der alle tre modellane vart laga, før dei tok syklane fatt og tok runden rundt øya.

- Om kvelden grilla vi pølser og prøvde drakane våre på Røaleira. Vi har hatt det kjempefint, og fasilitetane her ved stranda er heilt topp. Her er det reint og fint toalett, og kaldt og varmt vatn, fortel pappa Heidar Jonsson, som legg til at dei kontakta velforeninga før dei sette opp teltet.

Og det beste med det heile?

- Å sovne til bølgeskvulp! seier Iris(6)  og Lilja (8) Heidarsdottir i kor.