Myklebust Hvalprodukter har fått heiderspris og garantimerke frå stiftinga Matmerk.

– Å heidre eit produkt som har så lang tradisjon er særdeles hyggeleg. Kvalkjøt fortener å gjennoppstå på det norske matbordet som det kvalitetsproduktet det er, sa adm.dir. Nina Sundqvist   i Matmerk under utdelinga.

– Vi er sjølvsagt veldig stolt av å få dette Spesialitet-merket på lettrøykt kvalkjøtt, som vi begynte å produsere for 10 år sidan, seier Ole Mindor Myklebust til Romsdals Budstikke. Han er dagleg leder i Myklebust Hvalprodukter.

Akseptert

– Den største sigeren er at dette viser at kvalkjøt er eit råstoff som er fullt konkurransedyktig med andre produkt. Og så er det viktig for omdømebygginga. Det har vore mange mytar om kvalkjøt. Nå kan dette vere med å ta livet av desse mytane, meiner Myklebust.

Han legg heller ikkje skjul på at denne prisen betyr mykje for å gjere kvalkjøtet meir kjent. Som igjen vil få endå fleire vil smake det han karakteriserer som fantastiske produkt.

Tradisjon

Det var under matfestivalen i Ålesund at bedrifta fekk prisen. Myklebust Hvalprodukter har sin opphav frå fiskebåtreiarlaget Kato AS, som igjen har sin opphav frå då bestefaren til dagens eigarar, brørne Ole Mindor, Karsten og Dag Myklebust starta med fiskeri i 1912.

Vågekvalen vert fanga mellom Svalbard, Bjørnøya og Jan Mayen. I produksjonen av det lettrøykte kvalkjøtet vert ferdig krydra kjøtbitar lagt i ein sjølvkonstruert røykomn. Omnen er laga slik at den kan flyttast utandørs, der røyking går føre seg. Røykovnen vert fyrt med tremjøl av bøk, som set ein god, mild røyksmak.

Stifting

Det er stiftinga Matmerk som gav «Heidersprisen for unik smak i Norge 2016» til Myklebust Hvalprodukter. 30 norske matprodusentar konkurrerte om tittelen. Leiar i fagjuryen er tidlegare stortingsrepresentant Lars Sponheim.

– Spesialitet-merket garanterer deg ein unik smaksoppleving. Kva mat- og drikkevarer som kjem gjennom nålauget vert bestemt av ein uavhengig fagjury. Dei vurderer grundig kvalitet og smak før dei tildeler Spesialitet.

Frå fagjuryen hagla superlativ om Myklebust sitt lettrøykte kvalkjøtt. «Det har ein fin balanse i lukt og smak, og så mørt at det nesten smelta på tunga».

– Kval er eit flott, norsk og spennande produkt, og vi synest det er kjempebra at dei utviklar dette vidare, seier Sundqvist. Ho syntest det var morosamt at noko så tradisjonsrikt som kvalkjøt får eit heidersteikn for unik smak. For heidersmerket heng høgt.

Matmerk er ein uavhengig stiftelse med formål å styrke konkurranseevna til norsk matproduksjon. Dette gjer deigjennom å arbeide med kvalitetsstyring og kompetanseutvikling i norsk matproduksjon og synleggjere opphav og kvalitet på norske matprodukt.