Lynrask reaksjon frå bygdefolket var med og berga den gamle kyrkja, som var blitt dynka med diesel før ho vart påtent.

– Det var svært nære på at Fiksdal kyrkje ikkje skulle få fylle 150 år. Brannstiftaren hadde gått grundig til verks, det var fyr langs heile veggen og i sakrestitrappa. Men det gjekk heldigvis bra, kyrkja vart redda, seier Thor Ringsby, leiar i soknerådet og fellesrådet i Vestnes.

Entreprenør Odd Bjerkevoll AS har jobben med trearbeidet. Bordkledninga på den brannskadde veggen er fjerna, ny material er bestilt.

Bevarer stilen

– Vi skal ha same profil på bordkledninga som den originale. Den skadde kledninga har stått sidan kyrkja var ny i 1866. Vadset Tre i Skodje skal lage ny kledning, fortel Thor Ringsby.

Kyrkja var fullverdiforsikra. Kva sluttsummen på reparaasjon og nedvask blir, veit ikkje Ringsby, men det er snakk om eit millionbeløp.

Akkurat no er det pause i arbeidet med veggen, medan dei ventar på ny bordkledning.

Erstatningslokale

Fiksdal kyrkje har vore stengt sidan 16. juni. Mange kyrkjelege handlingar har i denne perioden vore lagt til det nye kyrkjelydshuset like ved.

– Det har vore både graverferder og gudsteneste i kyrkjelydshuset, så dette huset har vore svært nyttig i ei krevjande tid, seier Ringsby.

No blir kyrkjerommet i Fiksdal kyrkje etter planen tatt i bruk igjen ved gudsteneste 28. august. Den 27. november blir det feiring av 150-årsjubileet, med biskopen og prosten blant gjestane. Då blir det samstundes ei jubileumsveke med konsertar i kyrkja.

Det nye kyrkjelydshuset i Fiksdal blir mykje brukt medan kyrkja er stengt. Foto: Olav Skjegstad