Det var sol og varmt i lufta då vi besøkte badeplassen i helga. På ein av benkane møter vi familien Runde Waaler frå Rælingen. Dei har vore på ferie på Vestlandet, på veg heimover oppdaga dei den fine badestranda der det er tilrettelagt med bord og benkar, lett synleg frå Tresfjordbrua.

– Det såg så fint ut at vi bestemte oss for å svinge ned og ta ein pause. Vi vart ikkje skuffa, dette er ein veldig fin plass, smiler Marit Runde Waaler. For Philip (8) var det kjekt å pfå kjøle seg av i sjøen før turen gjekk vidare. Temperaturen i sjøen var det einaste som ikkje minte om Syden i Vikebukt denne dagen, men det la ingen dempar på gleda til Philip.

Mange godord

Inge Bergum er leiar i Vike Vel. Han fortel at den nye badestranda er blitt veldig populær, både blant bygdefolket og turistar som tar ein stopp.

– Alle skryter av plassen, både nordmenn og utlendingar, fortel Inge Bergum til Romsdals Budstikke.

Det var badeplass i dette området tidlegare også, og skjønnet i samband med bygging av Tresfjordbrua påla selskapet Tresfjordbrua AS å erstatte badestranda vederlagsfritt. Dette er no gjennomført, badeplassen er overdratt til Vestnes kommune. Vike Vel står for det daglege tilsynet av Vike Friluftsbad, som er det offisielle namnet.

Båt og bad

Badestranda ligg like ved den nye småbåthamna i Vikebukt, som vart opna og tatt i bruk den 14. mai i år. Ein gangveg bind hamna og badestranda saman. I hamna er det laga til plass for 65 båtar, no er det berre fire ledige plassar att. Planane for utviding ligg klare, ei slik utbygging kan gje plass til maksimalt 120 båtar.

– Planlegginga starta i 2009 under eit møte på puben Vikeplikt. 47 personar sa dei ville vere med, målet var å bygge Nordvestlandets finaste småbåthamn. Eg synest vi har lykkast med dette, men enno står det ein del att, blant anna slip, klubbhus, gjestehamn, drivstoffylling og tømmestasjon for båt og bobil, seier Bjørn-Ove Ulla, leiar i Vike småbåtforeining.

Dugnadsinnsats

17000 kubikkmeter masse vart tatt vekk for å lage hamnebassenget, som er på 100x120 meter, svært godt skjerma med lange og solide moloar.

Småbåthamna og badeplassen ligg vakkert til. I tillegg til bygdefolket er det båtfolk både frå Oslo, Rauma og Otta som har sikra seg båtplass i Vikebukt.

– Vi planlegg opningsseremoni i slutten av august. Det er mange som har lagt ned ein stor innsats her, utan at vi har talt timar, fortel Bjørn-Ove Ulla.

Småbåthamna er eit fint utgangspunkt for fisketurar på sjøen. For dei som ikkje har båt, er det også lagt til rette for fisking ikkje langt unna. Under overgangen mellom landfyllinga og brua er det laga til fiskeplass som folk fritt kan bruke, og det er det mange som gjer. Og dersom folk får lyst på ein sykkeltur, er turen rundt Tresfjorden på to mil eit populært og fredeleg alternativ, no når det meste av biltrafikken går over brua.