Det er ikkje kvar dag amatørfotografar får i oppdrag å smykke ut eit flunkande nytt hotell, men då Valldal Fjordhotell åpna dørene denne veka, var det med veggar dekt av foto-tapet med lokale motiv, foreviga av gossingen Christer Olsen og den lokale amatørfotografen Vegard Lødøen.

Natur og historie

Veggane i gangane i dei to rom-avdelingane er dekt av fargerike naturfotografi frå Valldal, Tafjord, Trollstigen og Linge. På kvart rom er veggen bak sengegjerdet tapetsert med bilete med historiske motiv frå området, samvitsfullt plukka ut av Christer Olsen, i samarbeid med lokalhistorikaren Astor Furseth.

– Dette er det første hotellet eg er med å smykker ut. Det har vore veldig spennande, både med å finne fine motiv i området, men også med å plukke ut historiske motiv til foto-tapetane på hotellromma, fortel Christer Olsen.

– Det var litt spesielt å sjå bileta mine på veggane, i ein slik skala, men det var kjekt å bidra til å vise kor vakkert området er. Det er veldig motiverande for meg og ei anerkjenning av hobbyen min, legg Olsen til.

Classic Norway sin profil

– Vi foretrekker å bruke lokale motiv på bileta på hotella våre, fortel driftsdirektør i Classic Norway, Terje Hatlen-Stokke.

– Interiørarkitekt Liv Anne Øverås har i samarbeid med fotografane plukka ut motiva, som har blitt overført på fototapet og no dekorerer veggane i gangane og spisesalen. Og når vi plasserer eit hotell ved vannkanten, slik som her i Valldal, så må vi gjere noko spesielt når vi smykker det ut.

Pang-start

Valldal Fjordhotell skulle eigentleg åpne forsiktig, med full drift 24. juli, men bookinga tok heilt av og dermed var det fulle rom frå mandag 18. Hotellsjef Cecilia Hedvall vart nok tatt litt på senga, men syns det er morosamt at hotellet er ein slik suksess frå starten:

– Vi hadde nok ikkje rekna med denne pang-starten, men det er jo flott at hotellet er så populært. Det lovar godt for framtida, meiner ho.

Rasfare

Valldal Fjordhotell har vore på teiknebrettet i mange år, men måtte ta ei pause i planlegginga grunna byggeforbud i strandsona. No er det endeleg på plass, vakkert plassert ved Storfjorden, med drift som reint turisthotell i sommarsesongen, og avtale med Muritunet om leige av halvparten av romma i lavsesongen.

– Motivasjonen vår for å bygge her var i utgangspunktet plasseringa, midt mellom Norges to største turistattraksjonar Trollstigen og Geiranger. Men gode lokale avtalar var også viktig. Vi trudde det ville bli populært, men at det skulle ta så av, alt før vi eigentleg skulle åpne, var over all forvetning, seier ein fornøgd driftsdirektør Terje Hatlen-Stokke.

Offisiell åpning av Valldal Fjordhotell blir 2. september.