– Det har gått bra – men også dårleg. Slik oppsummerer Ingrid Rødal det første året etter opninga av utestaden «På hjørnet» i Storgata.

Tøff vinter

– Generelt har det jo gått bra, men vinteren var til tider slitsam. Nokre dagar var nesten utan besøkande, da vert ein sjølvsagt i tvil. Men etter påske har det losna, vi har utvida opningstida og har begynt med ope også på kveldstid. Det tek nok eitt års tid å finne forma og å etablerte seg skikkeleg, seier Rødal.

Pluss og minus

Endelege rekneskapstal for 2015 er ikkje klare, og drifta går dessutan inn i drifta av selskapet Tesalongen AS.

– Totalt sett går vi i pluss, men «På hjørnet» tente nok ikkje pengar i fjor. Vi gikk i minus, men ikkje så mykje at det avskrekka. Med det besøket og den omsetninga vi har hatt på vårparten, så ser vi at det er grunnlag for ein stad som dette, seier Rødal. I tillegg til bevertning, leverer selskapet også mykje mat til catering. Dei 25 tilsette vekslar i stor grad mellom selskapets tre serveringsstader, alt etter behov.

– Denne veka er alle på jobb, slik må det vere. Vi legg om menyen litt, men endrar ikkje prisar, presiserer Rødal.

Smaken på øl

På Tapp & Kork, serveringsstad med fokus på øl, er dagleg leiar Leif Oskar Helseth godt fornøgd med det første året.

– Vi starta veka før jazzen i fjor, og opplever at folk har teke godt i mot oss. Besøket har vore bra, det har gått klart betre enn forventa, seier Helseth.

Mellom arrangementa som har slått an er ølsmaking, og bedrifta har også hatt ei rekke norgeslanseringar av eksklusive øltypar.

Gikk i null

Han opplyser at bedrifta for 2015 hadde eit nullresultat.

– At vi gikk i null første halvåret, er vi svært godt fornøgde med. Det normale er jo å gå i minus det første året, så dette er bra, seier Helseth.

Smiler

Hos utestaden «Smile» på Torget, er også dagleg leiar Suban Aas fornøgd med oppstartsåret.

– Det har gått veldig bra, vi har hatt godt med besøk, og kundar som kjem tilbake. Mange vil ete her, og mange handlar også   Take Away, opplyser Aas.

Også «Smile» har opplevd rolegare tider gjennom vinteren, men Aas fortel at sommaren er ei god tid.

I pluss

– For 2015 kjem vi ut på plussida, sjølv om det ikkje er store tal. Vi hadde kostnader med ombygging og diverse investeringar, poengterer Aas. Ho trur jazzveka vert eventyrleg, både for Smile og resten bedriftene i Molde.

I minus. Ved restauranten Amalie karakteriserer eigar og kjøkensjef Baskaran Sinnathamby det første året etter oppstart som «både – og».

– Pågangen har vore bra, men det tek tid å innarbeide seg, ein må rekne med minst to år før ein begynner å tene pengar, seier Sinnathamby.

– Korleis stemmer ryktet om at moldefolk er treige når det gjeld å gå ut?

– Det kan sjå ut for at det stemmer, det tek litt tid. Men gjestane gir oss gode tilbakemeldingar på mat og service, det er viktig, seier Sinnathamby.

Resultatmessig kom 2015 ifølgje han ut på minussida.

– Første året hadde vi kostnader med investeringar og diverse. Men vi opplever også at kundane er fornøgde med maten og med service, og reknar med at ting tek litt tid, seier Sinnathamby, som har erfaring frå Vertshuset og Rød.

Jazzveka går ting som vanleg på Amalie, men med tidlegare opningstid, så gjester også kan få seg lunsj på restauranten.

– Godt besøk

Også utestaden Glass på kaia melder om positiv oppstart.

– Vi er veldig fornøgde, vi har hatt godt med besøk. Ros til folk i Molde som bruker oss, også midt i veka, seier dagleg leiar Bjørn Olav Andersen på Glass.

Jan Erik Nyland på eigarsida opplyser at rekneskapstala for 2015 er like om hjørnet, og at drifta på Glass har gått i pluss.

– Eg var kanskje litt skeptisk med tanke på vinteren, men til og med februar gikk over all forventning. Oppstartsåret er alltid litt spesielt på grunn av investeringar, men også det første halvåret var altså innanfor. Vi ser at dette er liv laga, seier Nyland.

– Krevande start

– Dei som etablerer nye bedrifter, uansett bransje, vil nok oppleve dei første åra som krevande, seier Bodil Palma Hollingsæter, direktør i Innovasjon Norge Møre og Romsdal.

Restaurantdrift kjem ikkje inn under den typen bedrifter som Innovasjon Norge normalt støttar, men generelt uttalar Hollingsæter at det å starte opp nye etableringar er utfordrande, uavhengig av bransje.

Fleire fasar

– Å overleve dei første åra krev sitt, men i ulike fasar. For det første må det eit grundig forarbeid til for å vere sikker på at det er grunnlag i marknaden for det aktuelle produktet. Etter sjølve etableringa, er det krevande å utvikle tenester og produkt vidare.   I oppstartfasen er det langt unna 8 – 16-jobb for gründerane, det krev både ståpåvilje og energi for å lykkast, seier Hollingsæter.

Ho ser restaurantbransjen som krevande, særleg i Molde.

– Kulturen her kan gjere det ekstra krevande for denne bransjen. Folk er tradisjonelt forsiktige med å gå ut, det er også ein sesongtematikk der det gjerne er meir aktuelt å gå ut på vår og sommar. Kva folk ønskjer og etterspør kan jo også variere, dei kan respondere ulikt på ulike konsept, og det kan endre seg over tid. Fasit for kva som vil slå an er vanskeleg å finne.

– Er det heldig eller uheldig når fleire startar opp samtidig?

– Det trur eg er positivt. Det blir lettare for alle om nokon år det til. Fleire utestader gir meir også urbant preg, og kan føre til at fleire går ut meir, seier Hollingsæter.

– Alle ønsker seg gode utestader, men for at slike plassar skal finnast, må dei bli brukt. Eg håper verkeleg at dei som har satsa på utestader i Molde vil lykkast, det har mykje å seie for byen og livet i sentrum, seier Hollingsæter.