Aukra kommune og HENT AS signerte torsdag kontrakt om bygging av Aukra omsorgssenter. Kontraktsummen er på 136 millionar kroner ekskl.mva.

Aukra lyste i 2015 ut ein pris- og designkonkurrans om bygging av Aukra omsorgssenter. HENT AS vann konkurransen i samarbeid med PK Arkitekter og landskapsarkitekt Agraff arkitektur.  Det melder Aukra kommune i ei pressemelding.

HENT AS inngjekk tidlegare i år ein samspelsavtale med Aukra kommune, og partane har sidan februar saman vidareutvikla konseptet til eit forprosjekt. Dette vart vedtatt av kommunestyret i juni.

Omsorgssenteret skal byggast i kommunesenteret på Falkhytten og blir på 5300 m2. Senteret skal innehalde 30 sjukeheimsplassar og  20 omsorgsbustader med heildøgns omsorg, base for heimetenesta, dagsenter og treningsrom, og kjøkken med kantine/kafe.

Gravearbeidet på tomta startar i byrjinga av oktober i år. Bygget er planlagt å stå ferdig i april 2018.