– Det har vore litt hektisk, ja, det er ganske mange element å få på plass på kort tid. Men det har gått veldig fint, seier mottaksleiar Magne Beyer og Trond Erik Bognø frå Heros oppstartsteam.

Sjølv om opsjon på halvparten av dei 150 sengene var på plass da Hero søkte UDI om etablering av mottaket, har det gått rimeleg raskt unna.

10. mai fekk Hero UDI-vedtaket om etablering av asylmottak i Molde, og 1. juni var mottakslokale ombygd og klart, og sju tilsette på plass. Denne veka blir dei siste kontraktane signert, dermed er 150 sengeplassar klare.

I sentrum

Mottaksleiar Magne Beyer opplyser at Hero leiger ulike typar husvære, men sentralt plassert i byen.

– Det er hus, hyblar og leilegheiter som vi leiger av private og profesjonelle aktørar. Det er viktig at det er i gangavstand til både Hero-mottaket her i Storgata, og alt anna som asylsøkarane skal forholde seg til, poengterer Beyer og Bognø.

Klare plassar

Denne veka kom dei 10 første asylsøkarane – eit tal som kan vere heilt annleis i løpet av kort tid. Korleis mottaket vert fylt opp, er avhengig av når Utlendingsdirektoratet, UDI, sender folk vidare frå akuttmottaka som vart etablert i haust.

– Kor tid vi får inn asylsøkarar og kor mange, veit vi ikkje. Vår oppgåve er å ha plassane klar, og så ta i mot folk på best muleg måte, poengterer Beyer.

– Fin stab

Han er svært godt fornøgd med staben på sju som no er på plass i Molde, som han poengterer har solid og variert bakgrunn. Her er både lokale folk og personar frå Irak og Syria, unge, nyutdanna og erfarne, vaksne. Sjølv har han fortid frå forsvaret og olje- og gassbransjen, men poengterer at det å kunne hjelpe folk i krise er ein stor motivasjonsfaktor.

Ventetid

– Vårt oppdrag er å medverke til at ventetida vert så meiningsfull som råd er, for dei som skal vente på ja eller nei på asylsøknaden sin. Det er ein meiningsfull jobb, seier Beyer.

Han og Bognø roser både kommunale etatar, frivillige og private i Molde, som dei har opplevd positive og imøtekommande i arbeidet med å etablere mottaket. Dei håper på vidare samarbeid, ikkje minst med frivillige.

– Å starte opp mottaket no på sommarstid, kan vere litt krevjande med tanke på at mange typar aktivitetar og tilbod i stor grad tek pause akkurat no. Vi skal organisere aktivitetar sjølve, men tek også gjerne i mot innspel om ting som skjer og som asylsøkarane kan vere med på. Det gjeld både ting vi kan deltakar på, men også samanhengar der det til dømes er behov for folk til å delta på dugnad, seier Beyer.

Takk for at du abonnerer på Romsdals Budstikke!