- Det har nesten ikkje gått opp for meg enno, at eg faktisk klarte det, og har vore på toppen av Everest. Det vart så stort fokus på det å komme seg ned igjen, at det har kome litt i bakgrunnen. Men eg skal nok snart begynne å ta det inn over meg, og kjenne på den gode følelsen, seier Siv Harstad til Rbnett på telefon frå Nepals hovudstad Kathmandu.

Første frå sør

Siv Harstad (45) frå Batnfjordøra vart torsdag den første norske kvinna som har bestige Everest frå sør - frå før av har fire norske kvinner nådd toppen, dei har da starta frå nord, på Tibetsida. Den tøffe turen vart dramatisk da Harstad vart snøblind på toppen.

- Eg var i fin form og veldig klar for toppstøtet, alt kjendest veldig bra. Men kluss med ein liten ventil i oksygenmaska gjorde at eg fekk kondens i på brillene, og fleire gonger måtte ta dei av. Like før toppen kjende eg tiltakande stikking i augene, og skjønte kva som var i ferd med å skje. Heldigvis hadde eg greit syn på toppen, men så gikk det i grått, og vart verre og verre, fortel Harstad.

- Vart du redd?

- Nei - og ja. Eg var jo veldig klar over situasjonen, og også at det ikke er muleg å bli redda. Skulle eg ned, måtte eg gå på eigne bein. Eg visste at det ville vbli et helvete, men eg hadde likevel roen og tru på at dette skulle gå bra. Eg hadde med meg kjempeflinke folk som eg stolte på, dei sa at dette skulle gå bra. Eg er mentaltrenar, og er god på det med å fokusere på her og no og eitt steg om gongen. Det gjeld jo i alle situasjonar uansett kva ein gjer i livet, eit steg om gongen, så nærmar ein seg målet, uanstet kva ein skal.

Det var jo krevande, i praksis gikk eg ned i blinde, nokre stader er det svært vanskeleg og luftig. Eg måtte berre rappellere, og ta steg til venstre eller til høgre som dei sa. Klatresherpaen min gjorde ein kjempejobb.

- Berga dei livet ditt?

- Eg hadde ikkje kome meg ned igjen derfrå åleine. Men samtidig hadde det ikkje gått om eg ikkje hadde vore sterk og i god form så eg kunne gå på eigne bein. Eg er fysisk sterk, hadde eg vore utsliten, hadde det aldri gått. Hadde eg vore normalt oppegåande og sett som vanleg, hadde eg klart nedturen åleine.

- Samtidig som du var der, miste fleire klatrar livet på Everest. Er det verd risikoen?

- Då vi låg på Camp 4, fekk vi beskjed om at nokon hadde dødd i fjellet. Da kjem det veldig tett på. Men når ein drar til Everest, veit ein at det er ein risiko, og at det ikkje er nokon garanti for at det skal gå bra. Det er slikt ein tenker gjennom, og må vere bevisst, og vite at det ikkje er nokon sjans å bli redda ned.  Ingen kan bære deg ned, ingen helikopter vil kunne komme.  Men å forklare om drivkraft og motivasjon for å gjere slikt, er litt vanskeleg. Som Arne Næss, den første nordmann på Everst, sa - For dei som forstår det, er forklaring unødvendig. For dei som ikkje fortsår det, er ingen forklaring god nok, seier Harstad.

Jordskjelvet

Ho reiste innover i fjellet 8. april, men ekspedisjonen begynte eigentleg i april i fjor. Da var Siv Harstad med fleire i gang med Everst-ekspedisjon, da jordskjelvet ramma og sette stoppar for alt.

- Det var i seg sjølv ei ekstrem oppleving. Fjellet vart da stengt, dermed har det også blitt eit svært tøft år for sherpaane, vi får stor takk for å gi dei jobb igjen, seier ho. Og legg til at ho heilt sikkert skal tilbake til Nepal.

Ho har ikkje teke skrekken, og er klar på at ho heilt sikkert skal gå på fleire høge fjell, utan at det er spikra nokon plan.

Heimover

- No skal eg finne meg ein flybillett og komme meg heimover, eg gler meg til å treffe familie og venner. Kanksje vert det ein tur heimover til Batnfjordsøra også. Sjølv om eg ikkje har budd der på ei stund, seier eg alltid "heim" når eg skal dit. Det er jo fine fjell på dei trakter også, slår Harstad fast.