Presset på nedbygging av matjord er stort, ikkje minst i bynære område. Det har Wollert Danckert Krohn og Øystein Solli i Molde fått merke.

Laurdag deltok dei på den årlege jordvernkonferansen på Gjermundnes, der dei fortalde om sine erfaringar om korleis det er å drive bynært landbruk under tittelen «Bybonde i nedbyggingsland».

Wollert Danckert Krohn er næraste nabo til flyplassen på Årø med dei utfordringar dette fører med seg, ikkje minst når det gjeld krav til sikkerheitssone. I tillegg kjem planane om ny E 39, som kan bandlegge store område.

Mange interesser

– Eg er under press frå fleire kantar; Avinor, kommunen, fylkeskommunen og Statens vegvesen, seier Krohn.

Øystein Solli får nyvegen til det nye sjukehuset på Hjelset gjennom garden sin. Med dagens planar vil det gå med mykje dyrka mark. Solli har foreslått alternativ trasé med tunnel for å spare matjord, utan å bli høyrt.

– Sjukehuset er inga lykke for jordvernet, og arkeologien seinkar våronna, sa Øystein Solli. Møre og Romsdal er i landstoppen i forhold til å ta i bruk dyrka jord til andre formål. Berre i løpet av dei siste åra er dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner tatt i bruk til andre formål enn jordbruk på Nordvestlandet.

Med dette som bakteppe inviterte styreleiar Kolbjørn Gaustad i organisasjonen Jordvern Møre og Romsdal til konferanse. Fylkesmannen, landbruksmuseet og bondeorganisasjonen var medarrangørar. Rundt 30 personar deltok.

Veg kontra matjord

Store utbyggingsprosjekt tar ofte mykje matjord. Statens vegvesen er ein av dei storforbrukarane. Avdelingsdirektør Ole Syltebø i Statens vegvesen orienterte om planane for ny veg mellom Molde og Ålesund i samband med utbygging av Møreaksen.

Bestillinga frå regjeringa går ut på å planlegge ein firefelts veg bygd for 110 km/t. Den blir 20 meter brei pluss gang- og sykkelveg, og vil legge beslag på 200 dekar dyrka jord i Vestnes i anleggsfasen. Ole Syltebø ser interessekonfliktane.

For billeg?

- Vi må leve med mange målkonfliktar. Dårleg drivne areal er lettare å ta. Er jorda for billeg? spurte Ole Syltebø.

Nei, meiner Øystein Solli. Men det spørst kva slags eigedom det er snakk om.

– Når det gjeld prisen på jord på bruk under grensa for konsesjonsplikt, er ikkje jorda for billeg. Men når ein tar jord frå konsesjonspliktige eigedommar, er prisen ofte berre ein brøkdel, sa Øystein Solli.

Programleiar Bjørn Steinar Skarbø lurte på om det er politiske vilje til ein nullvisjon for å ta matjord til andre formål, men det er ikkje realistisk, svara stortingsrepresentant Pål Farstad (V).

Styreleiar Kolbjørn Gaustad er fornøgd med engasjementet rundt konferansen, som han håpar skal bli eit årvisst innslag.

– Vi må ta vare på den matjorda vi har. Sjølvforsyningsgraden er låg og vi skal produsere meir mat. Då må vi ikkje tillate at god matjord blir bygd ned, seier Kolbjørn Gaustad til Romsdals Budstikke.