Veret viste seg frå si beste side då årets tog på Gossen starta på Aukrasanden på nasjonaldagsformiddagen. Fleire hundre gossingar blei med til Aukraheimen, og sidan til Gossen barne- og ungdomsskole, der 9. klassingane med foreldre arrangerte fest med kakebord, is og brus, og aktivitetar for borna både inne og ute.

Tale for dagen vart helden i fleire omgangar. Først ved varaordførar Helge Kjøll jr. ved Aukraheimen, og seinare ved 10. klassingane Emma Danielsen og Hannah Brevik ved skolen.

Kvart år lyser arrangementskomiteen ut konkurranse for skoleklassene på Gossen, noko som skaper ekstra trøkk i 17. mai-toget. I år stakk 6. klasse av med premien for beste hurra-rop, beste marsjering og finast presentasjon. Dei blir seinare i vår invitert til ordførar Bernhard Riksfjord sitt kontor til is og brus.