Spor etter 13 gravrøyser og eitt langhus. Det er så langt fasit i ny kartlegging av fornminne i Romsdalen. Ny teknologi gjer leitinga enklare og meir effektiv.

Ein spesiell, liten traktor har siste dagane køyrt fram og tilbake over innmarka fleire stader i Romsdalen. Med avansert utstyr har den kartlagt spor frå fortida, under bakken.

– Vi har så langt funne spor etter 13 gravrøyser og eitt langhus, opplyser arkeolog /forskar Lars Gustavsen ved Norsk institutt for kulturminneforsking.

«Ekkolodd»

Funna er gjort med georadar, ein i norsk målestokk ganske ny metode. Med «ekkolodd»-prinsipp vert spor under bakken kartlagt.

– I praksis har vi ein minitraktor, eller eit terrengkøyretøy med ein antenne som vi køyrer fram og tilbake over det aktuelle området. Den er GPS-styrt, så vi har heile tida kontroll på plasseringa. Funn blir dermed heilt nøyaktig plassert inn på kartet med GPS-koordinat, forklarer Gustavsen.

Forsking

Kartlegginga i Romsdalen er del av eit forskingsprosjekt med utprøving av teknologien, som internasjonalt har vore teke i bruk mellom anna ved kartlegging av Stonehenge i England.

Så langt er områda Øvre Marstein, Horgheim og Monge undersøkt, og område på Skirimoen og Fladmark gjenstår.

Langhus

Det mest overraskande funnet var kanskje restane etter langhuset som Gustavsen og hans medarbeidarar fann på Horgheim.

– Spor etter langhus kan vere litt vanskelege å sjå, men her fann vi tydelege spor etter eit langhus med, om lag 20 meter langt og seks meter breitt. Vi fann eit trettitals stolpar, seier Gustavsen.

Gravrøyser

På Øvre Marstein fann NIKU-teamet spor etter 13 gravrøyser.

– Sjølve gravrøysene er jamna med jorda, så sirklane vi får fram på kartet er fotgrøftene rundt grava. Dei ligg truleg like under matjordlaget, 30–40 centimeter nede i bakken. Dei fleste gravene har lege i grupper, få meter unna kvarandre. Nokre få ligg spreidde som einskildgraver. Storleiken varierer mellom 10 – 20 meter i diameter, forklarer Gustavsen.

– Effektivt

I Romsdalen er georadarundersøkinga bestilt av Statens vegvesen, i samband med plan for opprusting av E 136.

– 300 mål skal undersøkast. Georadar er ein banebrytande og praktisk metode, der vi kan få undersøkt grunnen utan å grave. Vidare undersøkingar kan med bilde frå georadarundersøking også gjerast langt meir målretta, seier Gisle Fossen i Statens vegvesen, region midt.

FAKTA OM GEORADAR:

  • Radarantennene sender signal ned i bakken og reflekteres tilbake når signalet treffer ulike strukturer og lag.

  • Ved hjelp av avansert programvare kan det tegnes ut såkalte bilder av det som skiller seg ut som noe spesielt i undergrunnen.

  • Disse kan i neste omgang tolkes videre av arkeologene.

  • Radarantennene i antenneboksen er plassert med 8-10 cm avstand for å få resultat med høg oppløsning.

  • Systemet inkluderer satellittnavigasjon med centimeter-nøyaktighet, og på en skjerm inne i førerhuset oppdateres føreren om datainnhentingen i sanntid.

  • Med dette systemet kan en dekke i overkant av 50 mål i løpet av en dag.

Kilde: Norsk institutt for kulturminneforskning, NIKU

Gravrøyser: Sirklane viser fotgrøfter etter gravrøyser, med diameter på 10–20 meter. Foto: Lars Gustavsen /NIKU