Atlanterhavsparken i Ålesund er vinnar av Årets Reiselivspris. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider.

– No vart eg veldig glad og stolt, seier dagleg leiar Tor Erik Standal.

- Vårt største fortrinn er lokalmiljøet. Vi har veldig mange besøkande frå Møre og Romsdal, og dei tar også med seg sine gjestar til oss, seier han.

Prisen vart delt ut under Reiselivskonferansen i Møre og Romsdal som starta torsdag 28. april.

126.000 gjester i fjor

Atlanterhavsparken betyr svært mykje for turismen i Møre og Romsdal, skriv fylket i pressemeldinga. I fjor var 126.000 personar frå 96 land innom akvariet.

Atlanterhavsparken ligg i fjøra vest i Ålesund. Det får mykje merksemd både i nasjonal og internasjonal presse, og er som einaste akvarium i Norden representert på Trip Advisor si liste over dei beste akvaria i Europa, skriv fylket i pressemeldinga.

Utstillingsvindauge for havet

- Mange akvarium rundt omkring i verden er ganske like, fordi dei viser fram mykje av det samme. Vi viser fram det som er spesielt med Norskekysten og norsk fisk, noko turistane sett stor pris på, seier Standal.

Atlanterhavsparken utviklar seg stadig med nye produkt og opplevingar. Hausten 2014 opna parken «Selbukta» ein ny turistattraksom som er blitt publikumssuksess.

Populært krabbefiske

Og i påska i år opna akvariet eit stort aktivitetsområde med blant anna krabbefiske, eit tilbod som også har blitt veldig populært.

- Bedrifta bidrar til å løfte tema som har stor betyding for oss som bor på Nord-Vestelandet, sa styreleiar i Møre og Romsdal Reiseliv, Oddbjørn Vassli.

Vil løfte fram sambeid

Det er Møre og Romsdal Reiseliv som deler ut Årets reiselivspris». Formålet med Årets reiselivspris er å synleggjere reiselivsnæringa og kva den betyr for Møre og Romsdal.

Prisen skal også bidra til å synleggjere betydninga av sambeid på tvers av geografi, segment og sektor.

Møre og Romsdal Reiseliv er ein paraplyorganisasjon for dei tre destinasjonsselskapa i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune er også medlem.

Tidlegare vinnarar av Årets reiselivspris:

2015 Bente Saxon

2014 DID Adventure i Molde

2013 62˚Nord

2012 Molde Internasjonale Jazzfestival

2011 Juvet Landskapshotell

2010 Norsk Fjellfestival i Rauma

2009 Hotel Union ved Monja og Sindre Mjelva

2008 Classic Norway

2007 Per Arne Westavik