Den siste månaden har vi ikkje dei store endringane i arbeidsløysa i Møre og Romsdal, skriv NAV i ei pressemelding.

Justert for vanlege sesongvariasjonar har fylket ein nedgang i arbeidsløysa den siste månaden på 18. Det er ei litt svakare utvikling enn i resten av landet der nedgangen er rundt 1000.

Medan grafen over syner at det har vore ei sterk auke i arbeidsløysa dei siste to åra, er situasjonen altså ikkje dramatisk for april.

Verst i Kristiansund

I vårt fylke er det på Nordmøre det er høgast arbeidsløyse med 3,6 prosent per april. Dette kjem av at Kristiansund åleine har ei arbeidsløyse på 5,5 prosent, høgast blant kommunane i fylket.

Dei andre kommunane på Nordmøre har låg arbeidsløyse, frå 2,7 til 1,5 prosent , seier fylkesdirektør Stein Veland.

Her er tala for heilt ledige i april for kommunanene romsdalregionen:

KommuneSumProsentSiste mndSiste år
Molde4092,90 %-1688
Ålesund8623,40 %-17136
Kristiansund7085,50 %-7277
Vestnes932,60 %-28
Rauma1554,00 %1284
Nesset533,40 %21
Midsund353,40 %910
Sandøy152,20 %28
Aukra452,60 %-116
Fræna1823,50 %-729
Eide542,90 %-47
Averøy752,50 %-811
Gjemnes342,50 %-515

4610 heilt utan arbeid

I april  2016 er det 4610 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer til 3,3 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 35,7  prosent frå same månad i fjor.

I april 2016 har vi 869 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 203 fleire enn i april 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5479 personar i fylke.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 4,1 prosent for menn.

I landet er det 85.471 heilt arbeidslause. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.