Regiondirektør Karianne Havnes i den private barnevernsinstitusjonen Aleris stadfester at det i natt igjen var brann ved ein av selskapets avdelingar lokalt, denne gong i Årølia. I februar i år var det brann i ei tilsvarande avdeling på Hjelset.

Havnes seier at ho ikkje kan kommentere ting som direkte går på bebuarar, og vil dermed ikkje stadfeste at det er den same bebuar som var involvert no som i brannen på Hjelset i februar.

Ho poengterer derimot at Aleris etter brannen på Hjelset har hatt eit anda større fokus på brannvern enn tidlegare.

– Kva grep har Aleris gjort som oppfølging etter brannen på Hjelset i februar?

– Vi har gått gjennom rutinar for brannvern ved alle avdelingar, og ved nokre avdelingar fått på plass meir sløkkeutstyr som skumapparat. Vi har også hatt bordøvnigar, der ein ser på ulike scenario og korleis ein skal agere i ulike situasjonar. Alle skal vite kor brannsløkkingsutstyr finst, og vere kjende med det. Dette kjem i tillegg til årlege øvingar, seier Havnes.

– Kva forholdsreglar var tekne i Årølia?

– Dei same som ved alle avdelingar.

– Har huset sprinklaranlegg?

– Nei. Det er ikkje krav om slikt anlegg for vår drift, sidan vi ikkje er klassifisert som institusjon, men som bustadtiltak.

– Men på bakgrunn av det som har skjedd, kan dette likevel vere aktuelt?

– Vi skal i dag ha møte med brannvesenet, dette var avtalt etter brannen på Hjelset. Vi er opptekne av innspel brannvesenet kjem med, og vil vurdere brannvernarbeidet i tråd med det dei seier.

– Ifølge brannvesenet må Aleris gjere eigne risikovurderingar?

– Ja, og vi gjer alltid nye risikovurderingar etter hendingar. No avventar vi politiet sine undersøkingar, og er også opptekne av å vareta dei involverte, bebuar og tilsette.

– Var det samme personale på vakt no som sist?

– Det var tre på vakt, ein av dei var til stades også sist. Vi snakkar oss no gjennom det som har skjedd, ut over det kan eg ikkje kommentere kva som kjem fram i desse samtalane.