Fylkesmannnes miljøvernavdeling og Gjemnes kommune arbeider no med handtering av eit større leire- og jordras i Høgsetleira naturreservat på Storlandet førre veke.

Raset var 120 meter på det breiaste, og gikk om lag 160 meter frå tippen og nesten ned til sjøen, opplyser rådgivar Solveig Silset Berg ved miljøvernavdelinga hos fylkesmannen.

Deponi rasa ut

Raset gikk frå eit areal på oppsida av det verna området, men massane sklei altså ned og utover delar av naturreservatet.

– Raset vart utløyst da entreprenøren som driv på oppsida av vegen, la avdekkingsmasse i deponi på nedsida av vegen. Dette var avtalt med grunneigar, og planen var å spreie massen utover området seinare i samband med oppdyrking av området, opplyser Olav Inge Hoem. avdelingsleiar for areal og drift i Gjemnes kommune.

Han vurderer det slik at massane begynte å skli ut da det ikkje var teke nok omsyn til at det var blautt i grunnen under torva.

– No må vi la området få tørke og stabilisere seg, før opprydding, seier Hoem.

Plateliv skada

Silset Berg vektlegg skaden som er gjort i naturreservatet.

– Raset har ramma ein betydeleg del av området. Det har gjort skade på vegetasjon mellom anna på strandenga, men det er vanskeleg å vurdere kor alvorleg det er, seier Silset Berg.

Ho viser til at Høgsetleira er verna for å ta vare på eit uvanleg rikt artsmangfald i ein av dei mest artsirke havstrandlokaliteane i fylket.

Det er registrert 95 ulike artar der. Området er også viktig for fuglar, både som overvintringslokalitet og som hekkeområde.

Omfattande ryddejobb

Silset Berg er i gang med vurdering av korleis ein skal følgje opp raset og skaden det har gjort.

Ho reknar med at det må eit omfattande oppryddingsarbeid til, noko som vert utfordrande sidan det er ein god del leire i massane som har sklidd ut.

– Vi må no vurdere saka, og kva reaksjonar som eventuelt er aktuelle, seier Silset Berg.