Konsulentselskapet Deloitte har på bestilling frå Kjerringsundet AS lagt fram finansiell analyse og finansieringsplan for Kjerringsundet. Ved ny utrekning av totalinvestingane, inkludert prisstiging og moms, kjem Deloitte fram til at totale investeringskostnader for Kjerringssundet vil komme på 4,089 milliardar kroner.

Frå 3,2 til 4 milliardar kroner

Prosjektet har tidlegare vore kostnadsrekna til 2,5 milliardar kroner pluss moms - totalt 3,2 milliardar. I tillegg til 1,8 milliardar kroner frå Aukra kommune, har det vore føresett bompengar på rundt 975 millionar kroner, tenkt betalt av trafikantane som køyrer strekninga.

Det opphavlege kostnadsoverslaget frå Statens vegvesen var oppgitt i 2015-kroner. Deloitte legg til grunn justering av kostnadsoverslaget i høve til forventa prisstigning i tråd med SSBs inflasjonsprognose og byggekostnadsindeks.

Deloitte legg fram ein finansieringsplan ut frå investeringar på 4,089 milliardar og byggelånsrenter på 57 millionar kroner, med samla investering på 4,146 milliardar kroner. For å dekke opp dette skisserer selskapet eit scenario med momsrefusjon på 457 millionar, bompengefinansiering på 1,1 milliard, kommunalt tilskot frå Aukra på 750 millionar og låneopptak på 1,839 milliardar kroner.

- Ikkje nok

Selskapet set opp tabell over udekka finansiering ved ulike rentenivå, med eit spenn i udekka beløp per år frå 77 millionar ved 2,5 prosent rente, til 90 millionar ved 4 prosent rente. Finansieringsgapet er da stipulert til 850 millionar ved 2,5 prosent rente, og 940 millionar ved 4 prosent rente.

– Prosjektet vil i dette scenarioet ha udekka årlege beløp for alle gitte rentescenarioer. Med udekka beløp meiner vi forskjellen mellom dei 90 millionar kronene i tilskot frå Aukra kommune og det beløpet som prosjektet faktisk vil måtte betale kvart år i renter og avdrag. Det betyr at 90 millionar kroner i tilskot frå Aukra i 20 år ikkje er nok til å kunne finansiere prosjektet, skriv Deloitte i rapporten.

- Ingen kommentar

Styreleiar Per Arne Rindarøy og dagleg leiar Jan Petter Hammerø i Kjerringsundet AS vil ikkje kommentere rapporten no.

- Dette er berre eit foreløpig arbeidsdokument for styret. Styret vil behandle dette før vi har ytterlegare kommentarar, skriv Rindarøy i ein sms.