– Skolen har 10 årstrinn, alle er tilrettelagt for 40 plassar både i garderobar og med elevar. Utfordringa i dag er at talet på elevar i klassane varierer frå 31 til 44 i årskulla, fortel rektor Heidi Falkhytten.

Enkelte årstrinn har ei aukande mengd elevar, det er trinn der det kan vere mange nok. Det var 325 elevar då skolen vart opna sommaren 2013. I dag er talet økt til 356 elevar.

Over prognosane

– Vi har fått mange nye elevar her på Gossen, veksten er større enn prognosen viser. Men vi er glad for kvar ein som kjem til. Alle er sjølvsagt velkomne og har rett til å få eit godt skoletilbod.

 – Men situasjonen så langt er mogleg å handtere?

– Skolen var dimensjonert for 350 elevar, men bygd med romsleg areal. Den er flott og utforma og kan brukast fleksibelt. Til dømes blir auditoriet «Egget» brukt både til undervisning og til nytte for andre enn skolen på kveldstid.

– Skuldast veksten i barnetalet tilflytting av flyktningar?

– Dette er både arbeidsinnvandring, flyktningar og andre som har flytta hit. For flyktningar har vi laga ei eiga innføringsgruppe i deler av skoledagen. Dei har undervisning på biblioteket.

– Kva for utfordringar gir det å ha stadig fleire framandspråklege?

– Vi har fått god støtte frå kommunen til å takle denne situasjonen. Vi har tilsett ein norsklærar og ein språkhjelpar. Eg vil rose personalet som tek imot alle elevane på ein god måte, seier rektoren.

– Situasjonen er lett å handtere i dag. Kva med framtida?

– Utfordringa er å tilpasse bygget til alle elevane våre. Det viser seg at vi brukar og har bruk for alle dei romma vi har her på skolen, både spesialrom, grupperom og andre areal.

Merkedag

1. oktober 2010 vil for alltid stå som ein merkedag på Gossen. I strålande vær og med vaiande flagg kom 400 barn frå skolar og barnehagar for å ta del i markeringa av at det første spadetaket vart tatt for nye Riksfjord skole.

Alle samla

Skolen var ferdigstilt sommaren 2013, og samla for første gong alle elevane frå heile øya. Skolen fekk etter mykje debatt namnet Gossen barne- og ungdomsskole.

Skolen er organisert i tre avdelingar; barnetrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinnet. I 1.–4. klasse er det 148 elevar, i 5.–7. klasse 102 elevar og i   8.–10. klasse 106 elevar. Kvart trinn har sin avdelingsleiar.

Auka elevtal skuldast både arbeidsinnvandring, flyktningar og andre som har flytta til Gossen. Både rektor Heidi Falkhytten og personalet er glad for kvar ein som kjem til. Foto: Rolf Harald Karlsen