Statsminister Erna Solberg seier ho har har fått mange interessante innspel under besøket i Molde – særleg har møtet med permitterte gjort inntrykk.

- Det gjer inntrykk når ein møter menneska bak statistikken, seier Solberg.

På programmet i Molde stod også samtalar med lokalpolitikarar, og omvisning på Ikuben og møte med gründarar, før opning av nybygget på Romsdalsmuseet.

Innovasjon

Satsing på innovasjon og nye arbeidsplassar i det private er mellom tiltaka som skal møte nedgangstidene.

- Vi ser også på offentlege tiltak av mange slag, som raskt kan motverke stigande arbeidsløyse, seier Solberg.

- Nytt Tinghus i Molde er eit «gryteklart» prosjekt – kan det vere aktuelt å prioritere opp?

- Vi ser på nytt på alle prosjekt som raskt kan settast i gang, inkludert tinghus, seier Solberg.